Vanlege spørsmål og svar om slamtømming

Når vert slamtanken min tømt?

Ein får melding i posten frå slamrenovatøren om lag 14 dagar før slamtanken skal tømmast. I denne meldinga er det oppgitt kva veke slamtanken vert tømt.

Kva skal eg gjera før slambilen kjem?

Gjer tanken tilgjengeleg for tømming. La det vera enkelt å komma fram til tankloket. Grav også godt rundt tankloket slik at det er enkelt å løfte det av.

Merk septiktanken. Dette gjer at mannskapet slepp å gå rundt i hagen for å finna tanken din. Legg meldinga som du fekk i posten i ein pose, og plasser den på septiktanken med ein stein over. Då er det enklare for renovatøren å vita at han tømmer rett septiktank.

Sjå til at tilkomstvegar for slambilen er fri for tre og buskar. Det må vera ei breidde på vegen som er 3,5 meter i breidda og 3,5 meter i høgda. Den som tømmer anlegget har rett til å plassera naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tømminga.

Kva skjer dersom slamtanken ikkje er klar for tømming eller dersom ein nektar å la den tømmast?

Dersom septiktanken ikkje er tilgjengeleg for tømming når septikbilen kjem, vert dette registert og rekna som utført. Dersom abonnenten med god grunn ikkje klarar å gjera tanken tilgjengeleg til rett tidspunkt må han ta kontakt med slamrenovatør i god tid før tømming, slik at nytt tidspunkt kan avtalast. Renovatøren kan kontaktast på tlf. 57 78 11 70 eller e-post: birkeland@septik24.no

Tek ikkje abonnenten kontakt med slamrenovatør og septiktanken ikkje er klargjort, vil septikbilen køyra vidare og neste tømming vert då ved neste ordinære tømming (om 2 eller 4 år).

Korleis kan eg vita at septiktanken er vorte tømt?

Avvatningssytemet som slamrenovatøren nyttar rensar vatnet frå slammet. Dette betyr at vatnet som vert avvatna i avvatningssystemet på bilen, vert ført tilbake att til septiktanken. Det er difor vanleg med ei tynn hinne med slampartiklar på toppen etter tømming.

Etter endt tømming vil tømmemannskapet leggja ein gul lapp der det står at septiktanken er tømt.

Kva skal ikkje kastast i toalettet?

For at du skal sikra optimal drift på din septiktank og sleppe at røyrgater og liknande tettar seg, er det ikkje som kan og skal kastast i toalettet. Døme på gjenstandar/partiklar som ikkje skal vera i ein septiktank;

  • Våtserviettar
  • Filler
  • WC-blokker
  • Olje
  • Mjølk frå mjølkerom/fjøs
  • Feitt

Inneheld septiktanken mykje av dette, vil septikbilen ha problem med å tømme tanken på ein fullverdig måte.

Avlaupsproblem?

Septiktanken kan vera full. Ta av lokket på septiktanken og sjekk om det er mykje fast slam/masse på toppen. I så fall kontakt renovatør for å få utført tømming.

Dersom tanken ikkje er full, kan det vera røyrene frå huset til tanken som er tette. Dette kan løysast ved å få spylt gjennom røyrene. Ta gjerne kontakt med renovatøren.

Dersom det er lite fall på røyrene frå huset til septiktanken og det ikkje er bend på innløpsrøyret som fører avfallet ned i septiktanken, kan dette skapa problem ved at utløpsrøyret vert tetta igjen. Dette er noko ein kan kontrollera sjølv.

Dersom huset ikkje er tilkopla kommunalt eller privat leidningsnett for spillvatn har septiktanken gjerne ei infiltrasjonsgrøft. For dei som har infiltrasjonsgrøft er det svært viktig at septiktanken vert tømt regelmessig.

Dersom det går mykje partiklar ut i infiltrasjonsgrøfta kan dette tetta igjen grøfta. Dette medfører at spillvatn frå septiktanken ikkje vert sleppt ut og ein vil få problem med septiktanken.

Dersom nivået i septiktanken står over utløpsrøyret er dette ein indikasjon på at utløpsrøyret er tett.

Når det gjeld utforming og planlegging av infiltrasjonsgrøft er det stilt strenge krav gjennom «Forskrift om utslipp frå separate avlaupsanlegg».