Back to All Events

To faste stillingar innan rekneskap, lønn og sakshandsaming


SIMAS har ledig 2 faste 100 % stillingar som konsulent ved kontoret i Festingdalen på Kaupanger.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Rekneskap A-Å
  • Budsjettering
  • Lønn A-Å
  • Reiserekningar
  • Fråvær, sjukepeng og refusjoner, samt oppfølging mot NAV
  • Sakshandsaming og andre oppgåver innafor renovasjon og slam
  • Kontakt mot kundar og leverandørar
  • Prosjektbaserte oppgåver

Ynskjeleg utdanning/praksis:

  • relevant høgare utdanning innan økonomi/administrasjon
  • gode datakunnskapar
  • erfaring frå offentleg administrasjon
  • erfaring frå løns- og rekneskapsarbeid

Me søkjer etter medarbeidarar som:

  • er fleksibel og vil setje seg inn i og lære nye ting
  • er interessert i å bidra til utvikling av arbeidsplassen og eit positivt arbeidsmiljø
  • kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • er engasjert og har positiv innstilling
  • trivast med kundeservice og høgt tempo
  • er systematisk, nøyaktig og målretta
  • er løysingsorientert og kan ta eit ekstra tak når det trengs
  • kan skriva nynorsk

Me kan tilby:

  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • løn i.h.t avtale med pensjonsordning for tida i KLP

Spørsmål om stillinga kan rettast til  SIMAS  ved økonomisjef Aud Jane Beheim på tlf nr.: 57 65 70 73 eller direktør Hallvard Thomassen tlf. nr. 57 65 70 71

Søknad med CV skal sendast til post@simas.no innan 1. juni 2018.