Back to All Events

Spennande vikariat som kundehandsamar


Då to av våre kundehandsamarar skal ut i fødselspermisjon har me ledig to vikariat i administrasjonen som kundehandsamar i perioden 01.03.18 – 30.09.19.

Arbeidsoppgåver:

  • søknadshandsaming renovasjon og slam
  • kontakt mot slamrenovatør
  • kundekontakt
  • anna førefallande arbeid

Ynskjeleg utdanning/praksis:

  • Høgskule/vidaregåande utdanning innan økonomiske- administrative fag eller offentleg forvaltning
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå kontorarbeid er ein fordel
  • Gode datakunnskapar

For stillinga søkjer vi etter personar som:

  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Vil setje seg inn i og lære nye ting
  • Er løysingsorientert
  • Er serviceinnstilt og fleksibel
  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs.

Me kan tilby:

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Indre Sogn
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP

Spørsmål om stillinga kan rettast til SIMAS IKS, ved økonomisjef Aud Jane Beheim på tlf. 57 65 70 73 eller direktør Hallvard Thomassen på tlf. 57 65 70 71.

 Skriftleg søknad med CV sendast til post@simas.no innan 16. januar 2018.

Earlier Event: October 31
SIMAS IKS søkjer etter HMS/kvalitetsleiar
Later Event: January 30
SIMAS søkjer sommarvikarar på drift