Returkartonglotteriet

Skyl, brett, stapp, skriv namn og telefonnummer på og putt i behaldaren med blått lok så er du med i trekkinga!

Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet og me syter for at våre abonnentar sine «lodd» vert med i trekkinga. Du er med i lotteriet ved å levere inn ein kubbe som du skriv namn og telefonnummer på, med minst seks drikkekartongar stappa inni. Du kan óg levere inn enkeltkortongar og er då med i trekkinga av kr. 10.000. Ein kartong/kubbe er eitt lodd. Legg kubben med kartongar/kartongen laust i avfallsbehaldaren saman med papp og papir, ikkje pakk den inn i pose.

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000.

Lukke til! 

returkartonglotteriet_kubbe.png