Om SIMAS IKS

Sogn interkommunale miljø- og avfallselskap

SIMAS er eit interkommunalt renovasjonsselskap stifta 20. mai 1994. I eigarkommunane Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal bur det om lag 32.000 menneske. Årdal har eigen renovasjonsording. SIMAS handsamar i dag omlag 14.000 abonnentar. Visste du at kvar sogning kastar omlag 400 kg avfall i året?

Våre viktigaste oppgåver

SIMAS sine viktigaste oppgåver er å løysa eigarkommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein best mogleg økonomisk, ressurs- og miljømessig måte. Her skal innbyggjarane sine ønskje og interesser takast omsyn til.

Sjå ny strateegiplan «Avfall 2020».

SIMAS tek ansvar i eigarkommunane for:

  • Oppsamling, innsamling og transport av alle avfallstypar i kommunane
  • Etablering og drift av behandlingsanlegg for restavfall etter gjenvinning
  • Etablering og drift av innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast.
  • Samarbeida best mogleg med selskap og kommunar i og utanfor regionen slik at avfallshandteringa vert best mogleg miljø- og ressursmessig ved optimal utnytting av eigne og andre sine anlegg.
  • Ha ei miljøvenleg og kostnadseffektiv drift i alle ledd av avfallsbehandlinga.
  • I nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om tilbod, løysingar og drift av selskapet.
  • Leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenleg framferd og behandlingsmetodar.
  • Samordna kommunane sitt arbeid med å hindra avfallsproduksjon, redusera avfallsmengdene og auka utnyttinga av ressurssane i avfallet.
  • Vera ein pådrivar ovanfor eigarkommunane, lokalt næringsliv og innbyggjarar innan vårt fagområde
  • Årdal kommune er ikkje med i avfallsordinga, men deltek elles på lik linje med dei andre eigarkommunane. Dei vil i størst mogleg grad tilpassa sine forskrifter for avfalls- og slamhandsaming til dei andre eigarkommunane sine forskrifter.