Miljøfarleg avfall

Me kastar miljøfarleg avfall rett i boset

Dei siste ti åra har mengda miljøfarleg avfall vorte dobla. Lyspærer, malingsspann, batteri, mobiltelefonar, leidningar, pader og poder – alle inneheld dei miljøfarlege stoff og skal sorterast. Likevel er det mange av oss som ikkje sorterer rett.

Me kastar store mengder miljøfarleg avfall rett i boset kvart år. Til dømes kjøper me 50 millionar lyspærer i året, medan berre 5 millionar vert levert inn. Her kan me verta betre.

Mange er ikkje klar over kva som er farleg avfall

Mange produkt du brukar i kvardagen inneheld miljøfarlege stoff. Det kan vera elektriske togbanar og hylande brannbilar, sprayboksar med sokalla ”verktøy på boks”, hårspray, lyspærer eller batteri. Mange er nok ikkje klar over at desse produkta har miljøfarlege stoff i seg og skal sorterast ut av restavfallet.

Store mengder miljøfarlig avfall

Både elektiske- og elektroniske produkt og farleg avfall inneheld miljøgifter. Dei siste 10 åra er nebgda farkeg avfall som vert levert til godkjent behandling dobla, i fylgje tal frå Statistisk Sentralbyra (SSB). Mendga auka frå 600.000 tonn i 2002, til noko over 1,2 millionar tonn i 2012. Men det er fortstatt over 60 000 tonn farleg avfall som årleg ikkje vert levert inn slik det skal. Dette avfallet vert kasta feilaktig i restavfallet, hellt ut i avlaupet erller dumpa i naturen.

I 2013 sorterte me over 140 000 tonn elektriske og elektroniske produkt (Miljøstatus). Dette tilsvarar vekta av eit heilt cruiseskip (Elretur). Likevel er det mykje som endar i restavfallet. Estimat visar at det kvart år vert kasta mellom 10 00 og 12 000 tonn småelektrisk avfall i restavfallet (Elreturs miljørapport 2012). 

Leverer du inn farleg avfall og elektrisk og elektronisk avfall til miljøstasjonane våre, sørger SIMAS for forsvarleg handsaming. Alle butikkar som sel elektriske og elektroniske produkt tek også i mot desse gratis. Bruk desse ordningane og få miljøgiftene vekk frå naturen.