Farleg avfall

Farleg avfall er avfall som ikkje skal handsamast saman med det ordinære avfallet, fordi det inneheld miljøgifter (helse- og miljøfarlege stoff) og kan medføre alvorleg ureining eller fare for skade på menneske eller dyr.

Miljøstasjonane i Sogn har løyve til mellomlagring av avgrensa mengder farleg avfall. Privatkundar kan levera inntil 1000 kg farleg avfall gratis på miljøstasjonen. Ta kontakt for pris på levering og transport.

Det er forbode å kvitta seg med farleg avfall på andre måtar enn å levera det til godkjent mottak.

Farleg avfall er til dømes:

  • Spillolje
  • Maling, lim og lakk
  • Sprayboksar
  • Løysemiddel, frostvæske og kjølevøske
  • Vaskemiddel
  • Batteri
  • Syrer og basar
  • Plantevernmiddel
  • Lysstoffrøyr, sparepærer og lyspærer
  • PCB
  • Asbest og eternitt

Miljøfarleg avfall

Me kastar miljøfarleg avfall rett i boset

Dei siste ti åra har mengda miljøfarleg avfall vorte dobla. Lyspærer, malingsspann, batteri, mobiltelefonar, leidningar, pader og poder – alle inneheld dei miljøfarlege stoff og skal sorterast. Likevel er det mange av oss som ikkje sorterer rett.

Me kastar store mengder miljøfarleg avfall rett i boset kvart år. Til dømes kjøper me 50 millionar lyspærer i året, medan berre 5 millionar vert levert inn. Her kan me verta betre.

Mange er ikkje klar over kva som er farleg avfall

Mange produkt du brukar i kvardagen inneheld miljøfarlege stoff. Det kan vera elektriske togbanar og hylande brannbilar, sprayboksar med sokalla ”verktøy på boks”, hårspray, lyspærer eller batteri. Mange er nok ikkje klar over at desse produkta har miljøfarlege stoff i seg og skal sorterast ut av restavfallet.

Store mengder miljøfarlig avfall

Både elektiske- og elektroniske produkt og farleg avfall inneheld miljøgifter. Dei siste 10 åra er nebgda farkeg avfall som vert levert til godkjent behandling dobla, i fylgje tal frå Statistisk Sentralbyra (SSB). Mendga auka frå 600.000 tonn i 2002, til noko over 1,2 millionar tonn i 2012. Men det er fortstatt over 60 000 tonn farleg avfall som årleg ikkje vert levert inn slik det skal. Dette avfallet vert kasta feilaktig i restavfallet, hellt ut i avlaupet erller dumpa i naturen.

I 2013 sorterte me over 140 000 tonn elektriske og elektroniske produkt (Miljøstatus). Dette tilsvarar vekta av eit heilt cruiseskip (Elretur). Likevel er det mykje som endar i restavfallet. Estimat visar at det kvart år vert kasta mellom 10 00 og 12 000 tonn småelektrisk avfall i restavfallet (Elreturs miljørapport 2012). 

Leverer du inn farleg avfall og elektrisk og elektronisk avfall til miljøstasjonane våre, sørger SIMAS for forsvarleg handsaming. Alle butikkar som sel elektriske og elektroniske produkt tek også i mot desse gratis. Bruk desse ordningane og få miljøgiftene vekk frå naturen.

Gjenbruk

Gjenbruk betyr at ting vert brukt om att i staden for at dei vert kasta. Når me reparerer i staden for å kjøpe nytt, eller tek i bruk eit gamalt møbel i staden for å kjøpe nytt, sparar me miljøet for bruk av energi, uttak av naturressursar og reduserer utslepp både i produksjon og transport.

Ved å la gamle ting gå til gjenbruk kan dei få forlenga levetid hjå ein ny eigar. Nesten alle slags produkt kan brukast om att; klede, møblar, syklar, trillebårer, leiker, ski og akebrett er døme på ting som eignar seg godt til gjenbruk. Facebook er ein god kanal for å få selt, bytta eller kjøpt brukte ting.

Gjenbruk er ein av hovudpriorteringane i den nasjonale avfallspolitikken. Det er vorte populært med gjenbruk av interiør. Gamle ting kan med enkle grep bli til noko nytt; det er billig, fint og samtidig får ein eit personleg preg på interiøret sitt.

Kabeltrommel får nytt liv som stovebord. Korga med tepper er laga av ei gamal vinballong

Kabeltrommel får nytt liv som stovebord. Korga med tepper er laga av ei gamal vinballong

Heimekompostering

Heimekompostering er ein god alternativ måte å behandla det våtorganiske avfallet på.

Hjå SIMAS kan du kjøpa Separett sin kompostbinge, "Separett-kompen", men du kan også laga din eigen binge.

Les meir om Cipax kompostbinge og korleis ein komposterer her.

Fylkesmannen krev at SIMAS har oversikt over kven som heimekomposterer. Gebyret for heimekompost er 75% mindre enn om du skulle hatt ein våtorganisk dunk. Gebyret dekker også flis etter behov, som kan hentast på miljøstasjonen i kvar kommune.

Kvar blir det av avfallet?

Som oftast er det fokus på korleis ein sorterar avfallet og ikkje korleis avfallet blir vidare handsama.

Avfallet som blir samla inn med renovasjonsbilen

  • Matavfallet blir kompostert i kompostanlegget i Festingdalen. Etter modning og lagring blir det til kompostjord.
  • Restavfallet blir sendt til forbrenningsanlegg i Sverige for energiutnytting.
  • Papp, papir og mjølkekartongar blir pressa, sendt vidare til sortering og gjenvinning til nytt papir.
  • Plastembalasjen blir pressa, sendt vidare til sortering og gjenvinning til nye plastprodukt.

Avfallet frå Miljø og Avfallstasjonane

  • Plastembalasjen blir pressa, sendt vidare til sortering og til gjenvinning til nye plastprodukt.
  • Jern blir sendt til sortering og blir til nye jarnprodukt
  • Trevirke blir sendt til Sverige til energiutnytting.
  • Farlig avfall blir sortert og sendt til godkjent behandlingsanlegg
  • Restavfall blir sendt til forbrenningsanlegg i Sverige for energiutnytting.  
  • Papp og papir blir pressa og sendt vidare til sortering og gjenvinning til nytt papir.
  • Kvitvare og el.artikler blir sendt vidare til El-retur
  • Hageavfallet blir kverna og brukt som struktur i kompostanlegget

Miljøtips

Det beste for miljøet er å bidra til reduserte avfallsmengder. Her er nokon tips om kva du kan gjere for å redusere avfallmengdane.

  • Kjøp mindre mat og et opp maten du kjøper.
  • Sats på produkter med god kvalitet og lang levetid.
  • Ungå eingongsprodukt. Dei skapar store mengder avfall og dei fleste kan verken gjenvinnast etter komposterast.
  • Gje opplevingar i gåve i staden for ting. Kven ynskjer seg ikkje husvask, ein tur i feks symjehallen eller at du tilbyr deg å vera hundepassar ei helg?
  • Lever brukbare ting til ein bruktbutikk, til eit loppemarked eller til SIMAS sin gjenbrukskrok. På nettsida www.loppemarked.info finn du oversikt over loppemarknadar i heile Noreg.