Kystlotteriet

Saman med dei andre miljøverka i Sogn og Fjordane og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane starta me hausten 2017 opp ei permanent ordning for strandrydding i nesten heile Sogn og Fjordane. Det er mogelegheiter for å vinna flotte opplevingar og premiar.

Kystlotteriet vart starta av Naturvernforbundet i Østfold i fjor med Sten Helberg i spissen. - Det er eit motivasjonsprosjekt, som starta opp som ein pilot på strandryddedagen 2016 i Fredrikstad og Hvaler, fortel Helberg.

strandrydding.jpg

Førebels er det utlevering av sekkar og lodd på miljøstasjonen, i opningstida, i kvar av SIMAS-kommunane. Om de er ute i god tid og/eller det vert vanskeleg med uthenting av utstyr kan de ta kontakt med SIMAS (på tlf.: 57 65 70 70/e-post: post@simas.no), so kan me sjå på andre løysingar for dette. 

Lotteriordninga fungera slik:

  1. Hent spesialsekk frå Kystlotteriet og lodd på ein miljøstasjon / ta kontakt med SIMAS for førespurnad om alternativ utlevering.
  2. Meld deg gjerne på ryddeaksjonen vår «Kystlotteriet» på portalen til Hold Norge Rent.
  3. Rydd langs vatn, bekk eller fjord (marint avfall). Ha avfall i sekken og fyll ut lodd.
  4. Lever dette på ein av miljøstasjonane. Ta kontakt med ein operatør som registrerer tal sekker, tek imot utfylt lodd (ta vare på kvitteringsdelen sjølv) og viser deg til container for levering av avfallet.
  5. Ha god samvit for at du har rydda naturen, og kryss fingra for at du i tillegg vert premiert for det :) 

Det vert både lokale, regionale og nasjonale trekkingar gjennom heile året. Sjå Kystlotteriet si heimeside for meir informasjon.

Kystlotteriet_bw_index.png

Få med deg kjende på å rydde langs fjord og vatn, hent utstyr på miljøstasjonen eller ta kontakt med SIMAS og meld deg gjerne på her: Ryddeportalen. Del informasjonen med dine vener og hjelpe oss å spreie det glade bodskap!