SIMAS sender faktura kun til eigar av eigedom

Det er tinglyst eigar av eigedomen som er ansvarleg for å betale renovasjonsavgifta, jf. Forureiningslova § 34. Dersom det er inngått festeavtale er det tomtefestaren som skal svare avgifta. Dette betyr til dømes at SIMAS ikkje kan sende faktura til ein leigetakar, sjølv om eigaren og leigetakaren er samde om at leigetakaren skal dekke kostnaden.

SIMAS vil frå 01.01.2013 berre sende faktura til eigaren eller tomtefestaren. Det vil ikkje bli sendt faktura til leigetakarar.

Dersom renovasjonsavgifta ikkje vert betalt, har SIMAS lovbestemt pant i eigedomen og kan om naudsynt tvangsinnkrevje avgifta.