Korleis vert renovasjonsgebyret fastsett?

Fastsetting av renovasjonsgebyret vert gjort etter reglar i Forureiningslova. Fastsetting skjer etter sjølvkostprinsippet og etter prinsippet om at forureinar skal betala. Det betyr at alle kostnadar knytta til hushaldningsrenovasjon skal betalast av den som forureinar, det vil sei innbyggarane. Alle fortjenester og eventuelt overskot tilhøyrer innbyggarane. Overskot vert som regel avsett i fond for neste års reknskap.

Det er kommunestyre i den enkelte kommunen som vedtek renovasjonsgebyret. Gebyret dekker blant anna:

  • innsamling av avfall frå husstandane
  • omlasting og transport av avfallet
  • ein miljømessig god slutthandsaming av avfallet
  • drift av miljøstasjonar
  • drift av returpunkt
  • administrasjon

Renovasjonsgebyret vert påverka av blant anna avfallsmengdene, det vil sei kor mykje avfall som vert samla inn og handsama. Kor godt innbygganane kjeldesorterar har også innverknad. Det er for eksempel noko forteneste på sortert embalasje og papiravfall, medan usortert restavfall er relativt kostbart å handsama.