Spørsmål og svar

1. Kvar leverer eg lyspærer?

Du kan levere inn lyspærer til butikkar som sel lyspærer eller til miljøstasjonen. Alle typar lyspærer skal leverast inn.

2. Kvar leverer eg batteri?

Brukte batteri kan du levere til alle typar butikkar som sel batteri. Du kan også levere batteri til miljøstasjonen. Hugs å levere inn alle typar batteri.

3. Korleis vert renovasjonsgebyret fastsett?

Fastsetting av renovasjonsgebyret vert gjort etter reglar i Forureiningslova. Fastsetting skjer etter sjølvkostprinsippet og etter prinsippet om at forureinar skal betala. Det betyr at alle kostnadar knytt til hushaldningsrenovasjon skal betalast av innbyggjarane. Alle fortenester og eventuelt overskot tilhøyrer innbyggjarane. Overskot vert som regel avsett i forn for neste års rekneskap.

Det er kommunestyre i den enkelte kommune som vedtek renovasjonsgebyret. Gebyret dekkjer blant anna:

  • Innsamling av avfall frå husstandane
  • Omlasting og transport av avfallet
  • Ein miljømessig god slutthandsaming av avfallet
  • Drift av miljøstasjonar
  • Drift av returpunkt
  • Administrasjon

Renovasjonsgebyret vert påverka av blant anna avfallsmengdene, det vil sei kor mykje avfall som vert samla inn og handsama. Kort godt innbyggarane kjeldesorterer har også innverknad. Det er til dømes noko forteneste på sortert emballasje og papiravfall, medan usortert restavfall er relativt kostbart å handsama.

4. Eg har selt eigedommen min. Kvifor får eg likevel faktura?

SIMAS fakturerer den som til ei kvar tid er registrert som eigar av eigedommen. Det er reistert eigar, heimelstakar, som er ansvarleg for at renovasjonsgebyret vert betalt. Dette gjeld også for eventuelt ubetalte renovasjonsgebyr for tidsrommet før ny eigar kjøpte eigedommen.

Eit ubetalt renovasjonsgebyr er eit hefte på eigedommen. Ved overtakting av eigedom er det difor viktig å passa på at renovasjonsgebyr vert avrekna mellom kjøpar og seljar. Dersom eigedomsmeklar vert brukt, vil dei som regel gjera dette, i motsett fall må kjøpar og seljar sjølv avrekna. SIMAS har ikkje ansvar for dette oppgjeret og føretek ikkje avrekning mellom seljar og kjøpar.

Hugs:

  • Å avrekna oppgjeret for renovasjonsgebyr mellom kjøpar og seljar av ein eigedom, gjerne med hjelp frå eigedomsmeklar.
  • Meld adresseendring, endring av betalars namn og liknande til SIMAS og til kommunen
  • Ved endringar, hugs å oppgje kva kommune dette gjeld, og gards og bruksnummer på eigedommen

  • Eg ynskjer å endra størrelse på dunken. Kva gjer eg?


Ynskjer du å tinga større dunk, kan du få dette mot ein auke i gebyret. Du kan tinga dunk på simas.no eller ta kontakt på post@simas.no

6. Dunken min er øydelagd. Kostar det noko få ein ny?

Ta kontakt med SIMAS for å få ny dunk. Denne tenesta vert dekka av renovasjonsgebyret.

7. Går alt i same haugen, sjølv om me kjeldesorterer?

Nei, avfallet vert haldt separat heilt fram til sluttbehandling. Ved innsamling vert det nytta renovasjonsbilar som har to kammer. Bilen kan difor ta med fleire typar avfall på same tur, t.d. restavfall i eit kammer og våtorganisk avfall i det andre kammeret. Ved anlegget i Festingdalen vert avfallet lasta om i større bilar, og sendt til sluttbehandling.

8. Korleis tingar eg nytt abonnement?

Ta kontakt med SIMAS for å tinga nytt abonnement. Hugs å oppgje gards og bruksnummer på eigedommen.

9. Når er miljøstasjonen open?

Du kan finne oversikt og opningstider av miljøstasjoner HER.

10. Kvar får eg tak i plastknytesekker?

Plastknytesekker til plastemballasje vert utlevert ved tømming ein gong i året. Om ein ikkje har fått på utlevering kan ein hente ut gratis på tenestetorg eller miljøstasjon innan 1 månad. Etter dette kostar det kr. 51,- pr. rull.

11. Kan eg setja ut fleire sekker med plastemballasje på hentedag?

Ja, det er gratis å levera plast på renovasjonsruta for private.

12. Dunken min er ikkje tømt på tømedag. Kva gjer eg?

Ta kontakt med SIMAS og meld frå om manglande tøming.

Me treng fylgjande opplysningar: Adresse, kommune, telefonnummer, kva type avfall som ikkje er vorte tømt.

Hugs at dunken skal vera sett ut før kl 07.00 om morgonen og at den ikkje kan vera overfylt.

13. Kva skal eg bruka rullen med plastsekker til?

I plastsekken skal du samla rein og tørka plastemballasje. Plastsekken vert henta på renovasjonsruta saman med papp og papir.

14. Kva gjer eg med asbest/eternitt?

Du kan levera små mengder på miljøstasjonen, større mengder må leverast på anlegget i Festingdalen. Asbesten må vera pakka inn i plast.

15. Kvar skal eg kasta isopor?

Isopor skal sorterast som restavfall.

16. Kva vert dekka av renovasjonsgebyret?

  • Henting av restavfall, våtorganisk avfall, plastemballasje, papp og papir
  • Utkøyring og vedlikehald av dunkar
  • Drift av miljøstasjonane ilag med eigarkommunane
  • Drift av kompostanlegg
  • Tømming av avfall frå returpunkt og miljøstasjonar
  • Informasjonsarbeid for renovasjonstenesta
  • Sakshandsaming i samband med avfallsforskrifta
  • Avhending av avfall for vidare gjenvinning

  • Kvar kan eg kjøpa ekstrasekk til restavfall?


På miljøstasjonen eller ved å kontakta SIMAS. Sekker kostar kr. 75,-. Prisen dekker innsamling og transport av fylt sekk, samt behandling av avfallet. Sekken kan setjast ut ilag med restavfallsdunken ved neste ordinære tømming.

18. Når har eg tøming av avfall?

Avfallskalendar finn du på simas.no. Finn ditt rutenummer nedst på kalenderen, og finn rutenummeret igjen inni kalenderen. Sjå på fargen for å finne ut kva type avfall som skal hentast på di rute denne dagen.

19. Kvar blir det av avfallet?

  • Matavfallet vert kompostert i kompostanlegget i Festingdalen.
  • Restavfallet vert sendt til forbrenningsanlegg i Sverige for energiutnytting
  • Papp, papir og drikkekartong vert pressa, og sendt vidare til sortering og gjenvinning til nytt papir
  • Plastemballasjen vert pressa, sendt vidare til sortering og gjenvinning av nye plastprodukt
  • Jern vert sendt til sortering, og vert til nye jernprodukt
  • Trevirke vert sendt til Sverige for energiutnytting
  • Farleg avfall vert sortert og sendt til godkjent behandlingsanlegg
  • Elektrisk og elektronisk avfall vert sendt vidare til El-retur for gjenvinning
  • Hageavfall vert kverna og brukt som struktur i kompostanlegget
  • Glas og metallemballasje vert sendt til gjenvinning, og vert til nye glas- og metallprodukt

  • Når er det slamtøming i min kommune?


Sjå oversikt her

21. Kvar kan eg levera farleg avfall?

Farleg avfall kan leverast på miljøstasjonen. Dette er gratis for private (gjeld ikkje asbest/eternitt), medan næringskundar har deklarasjonsplikt og må betala.

22. Kvifor må eg levera restavfall i blank sekk på miljøstasjonen?

For at SIMAS lettare skal kunne vurdera sorteringa. På denne måten er det lettare å plukke ut farleg avfall og elektrisk og elektronisk avfall frå restavfallet. Les meir om sortering på miljøstasjonen her.

23. Korleis kan eg oppretta avtalegiro?

Du kan oppretta avtalegiro ved å ta kontakt med banken din, eller oppretta avtalegiro sjølv i nettbanken.

24. Kvar får eg tak i bøtte til matavfall?

Du får kjøpt bøtte til matavfall på miljøstasjonen.

25. Kva kostar det å levera avfall på miljøstasjonen?

Sjå prisoversikt her.

26. Kva er minstegebyr?

Det er ein minimumspris for levering av avfall for private hushald, som er vedteke i kvar kommune.

27. Kvifor må eg betala for å ha heimekopost?

Fylkesmannen krev at SIMAS har oversikt over kven som heimekomposterer. Gebyret for heimekompost er 75% mindre enn om du skulle hatt ein våtorganisk dunk. Gebyret dekker også flis etter behov, som kan hentast på miljøstasjonen i kvar kommune.

28. Kva gjer eg med blinkesko?

Alle produkt som går på straum eller batteri vert rekna som eleketrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) når dei skal kastast. Alle slike produkt kan leverast gratis til forhandlar som sel tilsvarande produkt. Det er ikkje krav om å kjøpa noko for å levera. EE-avfall kan også leverast gratis på miljøstasjonen.

29. Korleis sorterer eg barberskumboksar, hårskumboksar og andre sprayboksar?

Desse skal sorterast som farleg avfall og kan leverast gratis miljøstasjonen.

SIMAS sender faktura kun til eigar av eigedom

Det er tinglyst eigar av eigedomen som er ansvarleg for å betale renovasjonsavgifta, jf. Forureiningslova § 34. Dersom det er inngått festeavtale er det tomtefestaren som skal svare avgifta. Dette betyr til dømes at SIMAS ikkje kan sende faktura til ein leigetakar, sjølv om eigaren og leigetakaren er samde om at leigetakaren skal dekke kostnaden.

SIMAS vil frå 01.01.2013 berre sende faktura til eigaren eller tomtefestaren. Det vil ikkje bli sendt faktura til leigetakarar.

Dersom renovasjonsavgifta ikkje vert betalt, har SIMAS lovbestemt pant i eigedomen og kan om naudsynt tvangsinnkrevje avgifta.

Oppgjer av renovasjonsgebyr ved kjøp og salg av eigedom

Den som er registert eigar, det vil sei heimelstakar, av ein eigedom er ansvarleg for at renovasjonsgebyret vert betalt. Dette gjeld også for eventuelt ubetalte renovasjonsgebyr for tidsrommet før ny eigar kjøpte eigedomen.

Eit ubetalt renovasjonsgebyr er eit hefte på eigedomen. Ved overtaking av eigedom er det difor viktig å passa på at renovasjonsgebyr vert avrekna mellom kjøpar og seljar. Dersom eigedomsmeklar vert bruk, vil dei som regel gjera dette, i motsett fall må kjøpar og seljar sjølv avrekna. SIMAS har ikkje ansvar for dette oppgjeret og føretek ikkje avrekning mellom seljar og kjøpar.

Hugs:

  • å avrekna oppgjeret for renovasjonsgebyr mellom kjøpar og seljar av ein eigedom, gjerne med bistand frå eigedomsmeklar.
  • å meld adresseendring til skatteetaten.

Korleis vert renovasjonsgebyret fastsett?

Fastsetting av renovasjonsgebyret vert gjort etter reglar i Forureiningslova. Fastsetting skjer etter sjølvkostprinsippet og etter prinsippet om at forureinar skal betala. Det betyr at alle kostnadar knytta til hushaldningsrenovasjon skal betalast av den som forureinar, det vil sei innbyggarane. Alle fortjenester og eventuelt overskot tilhøyrer innbyggarane. Overskot vert som regel avsett i fond for neste års reknskap.

Det er kommunestyre i den enkelte kommunen som vedtek renovasjonsgebyret. Gebyret dekker blant anna:

  • innsamling av avfall frå husstandane
  • omlasting og transport av avfallet
  • ein miljømessig god slutthandsaming av avfallet
  • drift av miljøstasjonar
  • drift av returpunkt
  • administrasjon

Renovasjonsgebyret vert påverka av blant anna avfallsmengdene, det vil sei kor mykje avfall som vert samla inn og handsama. Kor godt innbygganane kjeldesorterar har også innverknad. Det er for eksempel noko forteneste på sortert embalasje og papiravfall, medan usortert restavfall er relativt kostbart å handsama.