Hytterenovasjon

I SIMAS-kommunane er det lovpålagt hytterenovasjon

Ordninga med lovpålagt hytterenovasjon er i utgangspunktet innført for at kommunane i SIMAS-regionen, til liks med dei fleste andre stadane i landet, skal ha eit tilbod til dei som har hytte/fritidshus, om å få levere avfallet sitt frå denne bruken på ein enkel og rimeleg måte. Det ei lovpålagt oppgåve for kommunane å samle inn avfall frå fritidseigedomar på lik linje med anna hushaldningsavfall jf. Ureiningslova § 30.

Med dette sikrar ein også at avfallet ikkje dreg på avvege og t.d. vert liggande att i naturen.

SIMAS er kjend med at bruken på fritidsbustader varierar, men det er i SIMAS si renovasjonsforskrift ikkje høve til å ta slike omsyn.

For fritidsbustader er det valgt å nytte ei bringteneste, der brukarane sjølv må bringe avfallet til felles container. Gebyret for fritidsabonnentar er sett lågare enn for abonnentar som har eigne avfallsbehaldarar.

Eit fritidsabonnement er sett til ca. 40% av eit vanleg standardabonnement. Dette skal dekke kostnaden SIMAS og kommunen har med containerar/behaldarar, tømming, transport, miljøgebyr, utfakturering, administrasjonskostnader m.m.

For å få utlevert nøkkel til container ved fritidsabonnement ta kontakt med Simas på tlf 57 65 70 70