Heimekompostering

Kompostering er ein vinn-vinn-situasjon. Det er lærerikt, gøy og gir deg næringsrik jord som du kan bruke i hagen. 

SIMAS støttar dei som komposterar sitt eige våtorganiske avfall: 

  • 35 % avslag i renovasjonsavgifta i høve eit standardabonnement (om ein har 140 l behaldar for restavfall og papp/papir)
  • God pris på kompostbingen

Me sponsar litt av kompostbingen når den vert kjøpt gjennom oss. Kompostbingen Separett Kompen sel me for kr. 3529,- (+ kr. 525,- i frakt) til vore abonnentar i Sogn. Den er isolert for heilårsbruk og produsert i miljøvennleg resirkulerbart polyetylen plast. Den er svanemerka og har 5 års garanti mot fabrikasjonsfeil. 

Behaldaren har dobbel bunn, dreneringsrøyr og lufteventil i loket. Komposteringstid er omlag 10 til 12 veker. Den ferske komposten bør ligge til etterkompostering, til dømes i ein haug/ranke saman med moden kompostjord, kvist og/eller anna hageavfall.

SIMAS arrangerer gratis kurs i heimekompostering kvar vår i tre av eigarkommunane. Kursstaden varierar frå år til år. 

Alle som heimekomposterar kan hente gratis strø på miljøstasjonane i alle SIMAS-kommunane. 

Ta kontakt ved interesse for heimekompostering. Me er gjerne behjelpelege med tips og råd.

 

Heimekompostgebyret:

·         Gebyret for heimekompost er 75 % mindre enn om du skulle hatt ein våtorganisk dunk.

·         Fylkesmannen krev at SIMAS har oversikt over kven som heimekomposterar.

 

Gebyret dekker:

·         Gratis flis kan hentast på miljøstasjonen i kvar kommune etter behov av dei som heimekomposterer

·         Kurs i heimekompostering i 3 ulike kommunar kvart år

·         Kontroll med heimekompostering

·         Administrering av avtalen