Heimekompostering

Kompostering er ein vinn-vinn-situasjon. Det er lærerikt, gøy og gir deg næringsrik jord som du kan bruke i hagen. 

                              Kompostbingen Separett Kompen.

                            Kompostbingen Separett Kompen.

SIMAS støttar dei som komposterar sitt eige våtorganiske avfall: 

  • 35 % avslag i renovasjonsavgifta i høve eit standardabonnement (om ein har 140 l behaldar for restavfall og papp/papir)
  • God pris på kompostbingen

Me sponsar litt av kompostbingen når den vert kjøpt gjennom oss. Kompostbingen Separett Kompen sel me for kr. 3670,- (+ kr. 546,25,- i frakt) til vore abonnentar i Sogn. Den er isolert for heilårsbruk og produsert i miljøvennleg resirkulerbart polyetylen plast. 

Den er svanemerka og har 5 års garanti mot fabrikasjonsfeil. 

Behaldaren har dobbel bunn, dreneringsrøyr og lufteventil i loket. Komposteringstid er omlag 10 til 12 veker. Den ferske komposten bør ligge til etterkompostering, til dømes i ein haug/ranke saman med moden kompostjord, kvist og/eller anna hageavfall.

SIMAS arrangerer gratis kurs i heimekompostering kvar vår i tre av eigarkommunane. Kursstaden varierar frå år til år. 

NM! Alle som heimekomposterar kan hente gratis strø på miljøstasjonane i alle SIMAS-kommunane.


Heimekompostgebyret:

  • Gebyret for heimekompost er 75 % mindre enn om du skulle hatt ein våtorganisk dunk.
  • Fylkesmannen krev at SIMAS har oversikt over kven som heimekomposterar.

Gebyret dekker:

  • Gratis flis kan hentast på miljøstasjonen i kvar kommune etter behov av dei som heimekomposterer
  • Kurs i heimekompostering i 3 ulike kommunar kvart år
  • Kontroll med heimekompostering
  • Administrering av avtalen