Hageavfall og framande artar

Ved å levera hageavfall på hageavfallsplassen kan du hindra at plantar frå hagen din truar det biologiske vårt.  Har du mykje hageavfall du vil verta kvitt, men ikkje heilt veit kvar du skal gjera av? På våre hageavfallsplassar er det gratis å levera hageavfall på forsvarleg og lovleg vis.

Truar biologisk mangfald

Spreiing av framande artar vert både globalt og nasjonalt sett på som ein av dei største truslane mot biomangfaldet. Mange av artane med høg risiko for å ta over stadeigne artar er importerte hageplantar som spreier frøa sine med vatn, vind eller ved flytting av jord og hageavfall. 

Døme på plantar som truar som truar det biologiske mangfaldet vårt;

  • Kjempespringfrø – spreier seg lett langs vassdrag, fortrenger andre planter og bidrar til erosjon.
  • Parkslirekne/kjempeslirekne – formeirer seg med rotskot og stengelbiter og fortrenger andre plantar. Røtene kan veksa 3 meter nedover og 10 meter bortover!
  • Kjempebjørnekjeks/tromsøpalme – fortrenger andre plantar og har giftig plantesaft. Kvar plante kan produsera 50.000 frø!
  • Hagelupin – fortrenger andre plantar og endrar jordsmonnet. Frøa kan overleve  50 år i jorda!

 Vær også obs på desse: Kanadagullris, russekål, gravmyrt, fagerfredløs, russesvalerot. 

Her kan du levera hageavfallet ditt:

  • Aurland: Sogn Jord og Hagebruksskule
  • Høyanger: Rasvoll
  • Leikanger: Kvålen
  • Luster: Grandane, ved betongverk
  • Lærdal: Bergo
  • Sogndal: Festingdalen miljøstasjon
  • Vik: Badnadalen

Hugs at det er forbode å dumpa hageavfall i naturen!

Meir informasjon: