Velkommen til miljøstasjonen!

SIMAS har åtte miljøstasjonar, ein i kvar kommune som inngår i renovasjonsområdet til SIMAS. På desse kan du levere alle typar avfall, bortsett frå matavfall. Alt avfallet må sorterast og kastast på rett plass på miljøstasjonen. Dei tilsette har god kunnskap om avfallssortering og kan gi informasjon om sortering. 

For ein effektiv avlevering oppmodar me kundane til å sortere avfallet på førehand, i tillegg til å gjere seg kjend med kvar dei ulike containerane er plassert.

  • Alle prisane er inkl. mva.
  • Hageavfall, EE-avfall og landbruksplast er gratis.
  • Farleg avfall (opptil 1000 kg/år) er gratis for privatkundar. Næringskundar har deklarasjonsplikt.
  • NB! Betaling med bankkort eller Vipps på miljøstasjonane!

Lat borna sitte i bilen!

I samband med sortering av avfall på miljøstasjonane må sikkertheita ivaretakast. Ved mange besøkande kan det i hektiske tider opplevast kaotisk med mange besøkande, kryssande trafikk, maskiner og stor høgdeforskjell mellom rampe og container. Lat difor borna sitte i bilen medan du sorterer! Dyr er ikkje tileigna i det heile!

Endringar på miljøstasjonane 

Frå 1. mai 2011 tek ikkje SIMAS i mot restavfall i svarte eller ugjennomsiktige sekker.

Les meir om årsaka til dette og øvrige tiltak på miljøstasjonane HER

Farleg avfall

Farleg avfall kan du levere i den gule containeren på miljøstasjonen. Miljøstasjonane i Sogn har løyve til mellomlagring av avgrensa mengder farleg avfall. Private hushald kan levere opptil 1000 kg i året med farleg avfall gratis på miljøstasjonane. Utover dette betalar ein for levering av avfallet og eventuell transport inn til Festingdalen. Næringskundar må betale og har deklarasjonsplikt. Det er forbode å kvitta seg med farleg avfall på andre måtar enn å levera det til eit godkjent mottak. 

"Brennbart" og "ikkje brennbart" restavfall

Restavfallet som kjem inn til SIMAS vert lasta om og sendt til forbrenning i Sverige. Strenge krav frå forbrenningsanlegga, gjer at SIMAS må skilja ut restavfall som ikkje kan gå til forbrenning. På miljøstasjonane er det difor plassert ut to containerar for restavfall;

Container "Brennbart restavfall"

I denne containeren kan du kasta:

  • Bygge- og rivingsavfall (ikkje asbesthaldig avfall)
  • Stoffmøblar, tepper, dyner, puter m.m.
  • Plastprodukt som ikkj er emballasje, t.d. leiker, hagemøblar o.l.
  • Tilgrisa plastemballasje, t.d. tomme kanner/flasker som det har vore farleg avfall på
  • Bilete, tomme målingsboksar av plast

Container "Ikkje brennbart restavfall"

I denne containeren kan du kasta:

  • Madrasser
  • Møblar med fjører
  • Glava/Rockwoll
  • Keramikk og porselen
  • Krystall
  • Lecastein
  • Uarmert betong