Velkommen til miljøstasjonane

SIMAS har åtte miljøstasjonar, ein i kvar eigarkommune.

Her kan du levere alle typar avfall, bortsett frå matavfall. Når du kjem på miljøstasjonen, må du sjå til å sortere og kaste avfallet på rett plass. Dette er godt merka og dei tilsette hjelper deg gjerne.

Me oppmodar alle kundar til å sortere avfallet på førehand. Dette gjer det effektivt og billigare for deg (då gratisfraksjonar kan skiljast ut når du betalar).

Miljøstasjonane våre

Hugs at:

  • Restavfall må i gjennomsiktige sekker, ikkje svarte/ugjennomsiktige.

  • Hageavfall og EE-avfall er gratis.

  • Landbruksplast er gratis å levere i Festingdalen (betaling på dei andre miljøstasjonane)

  • Farleg avfall er gratis for privatkundar. Næringskundar har deklarasjonsplikt.

  • Alle prisane er inkl. mva.

  • Eigne prisar for næring.

  • NB! Betaling med bankkort eller Vipps på miljøstasjonan