Appen Min Renovasjon 

Last ned appen og få beskjed når du bør trille ut dunken.

Visste du at me har ein app? Den varslar deg når bosdunkane vert tømt i di gate, og kva bosdunk du skal setje ut. Du bestemmer om varselet skal komma dagen før eller same dag, og kva tidspunkt du ønskjer varselet.

Fleire funksjonar

Du treng ikkje få varsel om du ikkje ønskjer, du har tilgang til tømmekalender som du kan sjekke når du vil. I tillegg kan du sjå kva som skal i dei ulike bosdunkane og kvar du kan tømme mellom anna glas og metall.

Veit du når næraste miljøstasjon er open? Sjekk i appen. Her finn du òg prisar.

Kom ikkje bosbilen når den skulle? Eller er dunken din øydelagt eller forsvunne? I appen kan du sende oss melding direkte. Lettare for deg – og lettare for oss å følgje opp.

Prøv appen du òg. Den er gratis og finst på AppStore eller GooglePlay.

Slik ser appen ut:

app1.jpg
 
 
app2.jpg