Visste du at bleier kan gå i matavfallet?

FOTO: loop.no

FOTO: loop.no

Her er åtte vanlege kjeldesorteringsfeil.

Vi er flinke til å sortere i Noreg, blant dei beste i verda. Men vi har ennå litt å gå på når det kjem til kva vi hiv i restavfallet. Her kan vi alle bli flinkare. Berre sjå her:

1. FEIL: Bleier går i restavfallet

Stopp! Hos SIMAS kan alle barnebleier (men ikkje vaksenbleier) gå i matavfallet, altså våtorganisk avfall. Hugs berre at bleieposar ikkje er matavfall. Enten må du unngå dei, eller så kan du bruke bioposar som bleieposar. Dette kan spare småbarnsforeldre for mykje restavfall.

2. FEIL: Aluminiumsfolie går i restavfallet

Det er lett å slurve med ein bit aluminiumsfolie, men hugs at alle monnar drar! Skyl folien og krøll han saman, så kan du kaste han rett i glas- og metallsøpla.

3. FEIL: Glas og metall sorterast etter farge

Det var slik før, at ein skilde mellom farga og klart glas på returpunktane. Men i dag går alt i same behaldar - både metall, farga og klart glas.

4. FEIL: Kaffigrut går i restavfallet

Kaffigrut er kjent for å ha fleire bruksområde. Mot sniglar, til å skrubbe gryter – eller kanskje du hugsar ei bestemor som heiv kaffigrut i hortensiaene for å gi blomsten finere farge? Vi veit ikkje om det stemmer, men vi veit at både grut og kaffifilter gjer seg godt i matavfallet. Det er lurt å la det få renne frå seg, då dei våtorganiske posane lettare går i oppløysing om dei blir våte.

5. FEIL: Batteri går i restavfallet

Nei, nei, nei. Batteri er noko av det verste du kan slurva med. Dei kan innehalde miljøgifter som kvikksølv, bly og kadmium. Dette er blant dei farlegaste miljøgiftene vi kjenner til. Disse stoffa er både akutt og kronisk giftige. Men visste du at alle forhandlarar av batteri har plikt til å ta i mot brukte batteri? Høyr difor med lokalbutikken din. Elles kan du samla dei i ein boks som du tømmer neste gong du er på avfallsplassen. Ingen batteri skal i restavfallet.

6. FEIL: Hårspray-boksen går i restavfallet

Alle slike boksar leverast som farlig avfall. Ikkje alle sprayboksar er farlige, men ved å levere dei slepp du som forbruker å gjere vurderinga. Boksane blir sortert av fagfolk etter at de er komme til mottaket for farlig avfall. Hald dei uansett unna restavfallet.

7. FEIL: Majonestuben går i restavfallet

Hugs at metall ikkje berre er hermetikkboksar, men òg aluminiumsfolie, tubar som majones, baconost og kaviar, og til dømes leverposteiboksar. Sjølv om du ikkje får skylt tubane skikkeleg, skal dei i glas- og metallavfall. Hugs berre at korken kan gå i plastgjenvinninga.

8. FEIL: Plast blir kasta utan å bli skyldt

Noreg ligg på verdstoppen i gjenvinning av plast, og nordmenn blir stadig flinkare til å sortera. Men fortsatt slurver mange med reingjeringa av plasten. Kan du bli litt flinkare? Skyl og tørk plasten godt før du kastar den – så gjer du kloden vår ei teneste.

Lykke til!

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne.