Vinnar av iPad og ny konkurranse

SIMAS ynskjer ein meir miljøvenleg fakturering og har i den samanheng ein konkurranse gåande. Alle som registrerer seg med både avtalegiro og eFaktura er med i trekninga av ein iPad. Når ein er registrert med begge deler vert faktura sendt direkte til nettbanken, vert lagra der og automatisk trekt på forfallsdato. Du slepp å godkjenne betalinga og miljøet vert spart for brevposten.

Konkurransen del I:

Vinnar av del I: Hans Inge Thyri frå Lærdal

Vinnar av del I: Hans Inge Thyri frå Lærdal

Hans Inge Thyri frå Lærdal var ein av dei som meldte seg opp med både avtalegiro og eFaktura hjå SIMAS. Han vart trekt ut som vinnar i fyrste del av konkurransen og har motteke sin splitter nye iPad.

Konkurransen del II:

Når me har nådd 1000 kunder som er registrert med både avtalegiro og eFaktura trekk me ut ein av kundenummera som vinn ein iPad frå SIMAS. Dei som er registrert allereie er med på konkurransen.

Dette er ein vinn-vinn-vinn-situasjon; for deg, oss og miljøet!