Unngå kaos når du pussar opp

Otis_system_hovedbilde_NN-1.jpg

Det er enkelt å sortere medan du pussar opp! Desse grepa gjer det lett å førebu seg og sortere undervegs.

Du treng:

  • Store, solide bagar (til dømes blå posar frå Ikea eller Maxbo).
  • 1 sprittusj til å skrive på bagane.

Slik gjer du det:

  • Bruk sprittusj og skriv på bagane kva slags avfall som skal i kvar enkelt.
  • Det kan være lurt å ha posar til: elektrisk avfall, farleg avfall, plastemballasje, papp og restavfall, samt ein til ting du er usikker på korleis du skal sortere. Ikkje alt oppussingsavfall får plass i posar. Større ting sorterar du i haugar etter kva for  materialtype det er, som til dømes ubehandla trevirke, malt trevirke, impregnert trevirke og isolasjon.  

Slik veit du kva som skal kor:

  • Skriv ut huskelista for oppussarar og heng den opp eller legg den på ein tilgjengeleg stad, då veit du korleis det meste skal sorterast.
  • Er du likevel usikker så sjekk sortere.no. Det er lurt å ha ein solid pose til ting du treng hjelp til å sortere - den kan til dømes merkast med “hakkje peiling”.

Er du usikker på kva som skal kor?
Sjå hugselista vår eller få hjelp av oss på gjenvinningsstasjonen.