Treng du eit miljøvennleg julegåvetips?

ristede-mandler.jpg

Prøv ein sunnare variant av brente mandlar.

I SIMAS har me stort fokus på miljø og ressursar på rett veg. For å hjelpa deg til ein meir miljøvennleg feiring, gir me eit miljøvennlege julegåvetips. Litt betre for miljøet og litt lettare for deg som ikkje veit kva du skal kjøpe til dei som har "alt".

Salte eller søte?

Mange kjenner brente mandlar som er brente i smelta sukker. Dei er gode, men kan fort bli harde og i overkant søte. Prøv ein salt variant, gjerne med chili – eller ein litt mindre søt variant med lønnesirup. Denne sirupen har høg glukemisk index (GI), men har lågare kaloriinnhald enn andre uraffinerte, flytande sukkertypar.

Visste du at mandlar inneheld mykje protein og kostfiber? I tillegg er dei ei god kjelde til vitamin E, kalsium, magnesium og sink.

Rista mandlar med salt (og chili):

  • Mandlar
  • Nøytral olje
  • Salt (eventuelt peppar, chili, lakrispulver)

Til 250 gram mandlar tar du eit par matskeier nøytral olje, gjerne rapsolje. Oljen skal dekke mandlane slik at krydderet sit fast, men ikkje la dei svømme i olje. Ta ein god del salt og prøv deg frem med variantar med peppar, chili eller lakrispulver. Her er det berre fantasien som set grensar.

Steik i ca. 10 minuttar på 200 gradar, avhengig av kor godt steikt du ønskjer dei.

Rista mandlar med lønnesirup:

  • Mandlar
  • Lønnesirup
  • Eventuelt salt eller kanel

Til 250 gram mandlar treng du ca. 1,5 matskei med sirup. Sirupen skal dekke mandlane, men dei treng ikkje svømma i sirup. Røyr det saman i ein bolle og sprei det utover eit bakebrett slik at dei ikkje ligg oppå kvarandre. Vil du prøve ulike variantar kan du ha litt kanel i bollen, eller kva med salt?

Steik i ca. 10 minuttar på 200 gradar, avhengig av kor godt steikt du ønskjer dei.

Lykke til!

 

brante-mandler-for.jpg