Tiltak for å redusera matavfall

Dei største klimaproblema med matavfall er knytt til dei unødige klimagassutsleppa som skjer gjennom produksjon, foredling, transport og omsetting, dersom nyttbar mat ikkje vert utnytta av menneske. I tillegg er kasting av nyttbar mat eit etisk problem i ein global situasjon der matmangelen og underernæringa er eit stort problem. All mat som vert produsert bør difor i utgangspunktet konsumerast og ikkje enda opp som matavfall.

Kva kan du gjera for å redusera matavfallet:

• Planlegg innkjøp og kjøp etter behov

• Sikra kvaliteten på maten ved heimtransport og ved lagring heime

• Ta vare på restemat i gryter og fat, og laga gode restemåltid

• Tømma emballasjen heilt

• Sjekka kvaliteten før maten vert kasta. Sjå. Lukt. Smak.

• Står det “best før” eller “siste forbruksdag”? Forskjellen er viktig. “Siste forbruksdag” er merka på mat som lett vert bederva, som fersk fisk, kjøt og mjølk. “Best før” vert brukt på mat som ikkje vert lett bederva, som hermetikk og andre konserverte matvarer. Maten som er merka med “best før” kan etast lenge etter datoen dei er merka med.

Fersk mat vert kasta mest

Foto: framtiden.no

Foto: framtiden.no

Det me oftast kastar er brød og andre bakevarer, frukt og grønsaker. I kroner og øre utgjer det me kastar av fersk kjøt, deigar, farsar og ferdigmat dei største verdiane.

Me kastar mat fordi me ikkje veit betre

Dei fleste av oss kastar fordi me har lite kunnskap om matkvalitet i forhold til haldbarheitsdato. I tillegg er me dårlege til å planleggje både innkjøp og måltid. Me kastar mykje mat etter middagar fordi me har laga for mykje eller fordi me har handla inn for mykje mat. Me er også dårlege til å vurdere om maten kan etast eller ikkje. I forbrukarundersøkingar svarar folk flest at dei viktigaste årsakene til at dei kaster mat er:

• Utgått på dato

• Gløymt i kjøleskåpet

• Tapt kvalitet

• Laga for store porsjonar

• Kjøpt for mykje

• For store einingar

• Kastar alltid restar etter måltider