Strandryddedagen 2018

Ryddeaksjon Tromsø 2_foto_Lise Keilty Gulbransen.JPG

Ver med på Noregs største kollektive ryddedugnad, laurdag 5. mai.

Hold Norge Rent køyrer i gong ein nasjonal kampanje laurdag 5.mai. Ta med hanskar, avfallssekker og registreringsskjema – me skal ut og rydde!

Alle kan bidra: familie, vener, kollegaer, nabolag, idrettslag, velforeiningar, dykkarklubbar, bedrifter, barnehagar, skular, speidarar, miljøorganisasjonar, friluftslivet, fiskarar mfl.

Dette er ein aksjon som fokuserer på ryddinga av strandsoner og områder knytt til vassdrag. Eigne sekkar til marint avfall merka med Kystlotteriet må nyttast. 

Slik gjer du:

  • Finn ut kvar du vil rydde
  • Meld ryddeaksjonen på i Ryddeportalen
  • Engasjer familie, venner, naboar og/eller kollegaer til å bli med
  • Registrer antal deltakarar, kilo, meter rydda og konkrete funn når aksjonen er ferdig
  • Hent Kystlotteri-sekkar på våre miljøstasjoner. Dei er gratis å hente ut og levere.

PS! Miljøstasjonane til SIMAS IKS heldt ikkje ope på Strandryddedagen, men tek imot sekkar knytt til Kystlotteriet i opningstida heile året


Om Kystlotteriet

Kystlotteriet er ei permanent ordning for strandrydding i nesten heile Sogn og Fjordane. Det er mogelegheiter for å vinna flotte opplevingar og premiar.

Kystlotteriet vart starta av Naturvernforbundet i Østfold, med Sten Helberg i spissen.

- Det er eit motivasjonsprosjekt, som starta opp som ein pilot på strandryddedagen 2016 i Fredrikstad og Hvaler, fortel Helberg.

Les meir her.