Stort miljøengasjement hjå 6. klassingane på Aurland barne- og ungdomsskule

SIMAS drog på besøk på skulen for å prate om plastbruken i samfunnet som har engasjert 6. klassingane på Aurland barne- og ungdomsskule.

Treng me plast? Den skapar so store miljøproblem!

Elevane visste mykje om problema plasten skaper. Dei ser med bekymring på plastøyane som veks seg uendeleg svære i verdshava. Plasten flyt opp på strendene. Den kjem vanlegvis frå land der den vert frakta med vinden ut på havet, og det vert difor viktig å sørgje for at plasten ikkje ligg strødd og kjem på avvege. Elevane ynskjer å redusere bruken av plast og oppmodar om å bruke berenett av tøy når ein handlar på matbutikken.

«Kom an folkens! Me startar med å gjere naturen reinare!» - 6. klasse ved Aurland barne- og ungdomsskule.

Gjenbruk av plast

Det vart òg diskutert korleis ein kan nytte plastposar fleire gonger før ein nyttar dei til å ha avfall i eller kastar den saman med plasten til resirkulering. Det er særs viktig at den plasten me faktisk nyttar vert resirkulert og vert gjort om til nye plastprodukt. Då sparar me olje som vert nytta til å lage heilt ny plast.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.

Historier som den om kvalen som dreiv i land med 30 plastposar i magen og måtte avlivast skapar nytt engasjement rundt rydding av plast. Elevane ynskjer å få folk med seg på ein ryddedag og SIMAS er meir enn villige til å støtte slike lokale aksjonar.

6. klassigane ved Aurland barne- og ungdomsskule tek miljøproblema på alvor.