Sommartid på miljøstasjonane

Frå 1. mai held miljøstasjonane ope ein time ekstra, til kl. 19.00.

Frå 1. mai til 1. september har miljøstasjonane i SIMAS-kommunane sommartid. Det betyr at dei held ope til kl. 19 (Balestrand held ope til kl 18).

Miljøstasjonen i Gaupne held ope ein ekstra dag i sommarperioda som eit prøveprosjekt i år. 

Måndagar (f.o.m. 7 mai) kl. 09.00 - 14.00! :) 

Sjå meir info om våre miljøstasjonar.


Nokre endringar grunna heilagdagar i mai:

  • Miljøstasjonane er stengd 1. mai - alternativ opningsdag 2. mai
  • Miljøstasjonane er stengd 10. mai - alternativ opningsdag 8. mai
  • Miljøstasjonane er stengd 17. mai - alternativ opningsdag 15. mai