Slik gir du glas- og metallemballasje evig liv

Dine tomme syltetøyglas og hermetikkboksar kan verte til nye produkt i hundrevis av år framover.

Glas- og metallemballasje er som skapt for gjenvinning og kan verte smelta om i det uendelege.

Tenk deg at du ryddar av frukostbordet og står med ein tom boks med makrell i tomat og eit syltetøyglas i henda. Du tenkjar kanskje at det er freistande å kaste dei rett i restavfallet, men er du klar over at verdifulle material då vert vekke frå kretsløpet for alltid? At me kjeldesortera glas- og metallemballasje utgjer ein stor forskjell for miljøet. Ved at denne emballasjen vert gjenvunne sparar me både store mengde energi og unngår unødvendige inngrep i naturen.

Du kan gjere ein forskjell

LEVER INN: Glas- og metallemballasje kan verte til nye fine ting i hundrevis av år so lenge me levera dei inn til gjenvinning. I åra framover vil fleire og fleire gå over til henteordning slik at emballasjen kan samlast inn der folk bur. Foto: Syklus

LEVER INN: Glas- og metallemballasje kan verte til nye fine ting i hundrevis av år so lenge me levera dei inn til gjenvinning. I åra framover vil fleire og fleire gå over til henteordning slik at emballasjen kan samlast inn der folk bur. Foto: Syklus

Eit godt døme på dette er boksen med makrell i tomat som er laga av aluminium. Ved å gjenvinne aluminium sparar me veldig mykje energi. Å utvinne aluminium er ein krevjande prosess som gir store klimautslepp. Dette er energi me slepp å nytte når materiala vert gjenvunne. Når aluminium vert gjenvunne vert den smelta om og støypt om på ny. Dette krev berre 5 % av den energien det krevjast å lage aluminium fyrste gong. Er det ikkje utrolig? Ved å gjenvinne glas sparar me 20 % energi som ville gått med på å produsere nytt glas. Når me tenkjar på all glas- og metallemballasjen me nyttar i Noreg i løpet av eitt år, so seier det seg sjølv at gjenvinning sparar enorme mengde energi og naturressursar.

Kva gjer metall og glas so verdifullt?

Det er fleire grunnar til at metall og glas er so verdifullt. Ein årsak er at desse materiala kan verte gjenvunne år etter år utan at kvaliteten minkar. Dei er som skapt for gjenvinning og kan smeltast om i det uendelege. Heile 75% av den fyrste aluminiumen som nokon gong vart utvunne, i 1886, er framleis i bruk! Glas og metall er dessutan material som tek særs godt vare på innhaldet sitt. Det er ikkje utan grunn at babymat kjem på glas. Når mat og drikke vert oppbevart på glas heldt innhaldet seg godt og er garantert fri foe farlege material som elles kan smitte over frå emballasjen.

Slik vert glas- og metallemballasjen gjenvunne

Visste du at 100 kjeldesorterte syltetøyglas vert til sju meter isolasjon og 33 nye glas med syltetøy?

Innsamla glas- og metallemballasje vert sendt til Syklus sitt anlegg på Onsøy utanfor Fredrikstad. Ved anlegget vert metall skilt frå glas ved hjelp av store magnetar. So vert stål og aluminium skilt frå kvarandre. Emballasjen som er laga av stål, som hermetikkboksar, vert sendt til smelteverk for å verte ny metallemballasje. Aluminiumen og stål vert smelta ned til store blokker som går vidare og vert til nye produkt eller konstruksjonar.

Glaset vert optisk finsortert ved at eit kamera les kvar einskild glasbit. Deretter vert glaset sortert etter fargenyanse på bestilling frå glasverka. På denne måten kan glasverka produsere ny glasemballasje i akkurat den fargen dei ynskjer. På Onsøy vert det òg produsert Glasopor skumglas av resirkulert glas. Det er det mest miljøvennlege fyll og isolasjonsalternativet på marknaden.

Bruk og skap

GJER DET SJØLV: På pintrest.com er det sett opp ein samling av spennande ting du kan lage av emballasjen din. Søk opp tavla “Glass og hermetikk DIY”.

GJER DET SJØLV: På pintrest.com er det sett opp ein samling av spennande ting du kan lage av emballasjen din. Søk opp tavla “Glass og hermetikk DIY”.

Det er ikkje berre ved gjenvinning at glas- og metallemballasje kan få nytt liv. Det kan òg skje heime hjå deg. Gamle hermetikkboksar og syltetøyglas er eit utmerka utgangspunkt for «gjere det sjølv»-prosjekt. Kvifor bruke og kaste når du kan bruke og skape? Det er lett å forvandle boksar og glas til dekorative pennbehaldarar, vasar, og telysestakar, for å nemne noko. Søk etter “glass DIY” eller “hermetikk DIY“ på gjer-det-sjølv-blogger, Pintrest og Instagram for meir inspirasjon.

OM GJENVINNING AV GLAS- OG METALLEMBALLASJE

Kvifor: Ved å levere glas og metall til gjenvinning tek du vare på knappe ressursar og unngår unødvendig klimautslepp

Korleis:

Skyl glas- og metallemballasje so snart den er tom. Har emballasjen lok so fyll den halvfull med kaldt vatn, skru på loket og rist for å fjerne mest mogeleg matrestar. Eventuelt ta eit sveip med oppvaskbørsten. Ha eigen behaldar for sortering av glas- og metallemballasje heime. Når den er full kan du levere til næraste returpunkt.

Vanskelegheitsgrad: Lett

Gjenvinningsgrad: Vanvettig høg! Heile 99 % av det du levera inn vert til nye produkt og konstruksjonar av resirkulert glas- og metall. Her går ingenting til spille.

Kva vert det til?

Aluminium kan til dømes verte til steikepanner og syklar. Stål kan verte nytta i stålkonstruksjonar i bygg, verktøy, spiker og skruer.

Glasemballasje vert mellom anna gjenvunne til syltetøy- og middagsglas, vinflasker og Glasopor isolasjonsmaterial.

Godt å vita: Kjøkenutstyr i metall, jern, keramikk, porselen og krystall skal ikkje leverast inn saman med glas- og metallemballasjen. Desse produkta består av andre material som øydelegg for gjenvinningsprosessen av glas- og metallemballasje. Lever dette til miljøstasjonen.

Kven: Syklus er ansvarleg for gjenvinning av glas -og metall i Noreg.

Skap sjølv på 1-2-3

  • Lag kule drikkebeger av gamle middagsglas ved å bore hol i loket til sugerøyr
  • Lag stemningsfulle lanterner av hermetikk ved å bore hol i eit dekorativt mønster
  • Hermetikk kan malas og nyttas som blomsterpotter - aleine eller saman i grupper
  • Hermetikkboksar kan verte smarte behaldarar av alle slag, som til bestikk eller penner

Kvifor er det so krevjande å utvinne aluminium?

Aluminium finst i eit mineral som heiter bauksitt. Fyrst må ein grave fram og hente ut bauksitten. Bauksitten inneheld aluminium og oksygen i ein forbinding. For å nytte seg av aluminiumet må ein skile aluminium og oksygen frå kvarandre og dette krev veldig mykje energi.