Sju sortar restemat-tips

Restar av pinnekjøtt kan nyttast til fleire restemåltid. Sjå til dømes oppskrift på betasuppe under. Illustrasjonsfoto: matprat.no

Restar av pinnekjøtt kan nyttast til fleire restemåltid. Sjå til dømes oppskrift på betasuppe under. Illustrasjonsfoto: matprat.no

Med mykje god mat i jula, skal det lite til for å lage eit magisk måltid av restematen.

Det er ikkje berre julekakene som kan vere i sju sortar. Me har funne frem sju sortar restemat, alle basert på vanleg restemat i jula. Ikkje berre reduserer den mengda mat vi kastar, det er godt for lommeboken.

Og du, er du metta på kjøtt når juledagane er over? Frys ned restane i passelege bitar, så har du til middag seinare.

Alle oppskriftene er utarbeidde i samarbeid med Gry Tokvam ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.


1. Pai med kjøtrestar

Pai er genial restemat. Det er så godt - og kan ta i mot det meste av restar.

Bunn:

  • 125 g smør
  • 200 g kveitemjøl
  • 2 ss vatn

Køyr dette saman i ei matmølle, lat det kvile kaldt medan du lagarklart fyllet

Fyll:

  • 200 g restar av kjøtpålegg, ribbe, kalkunkjøt, eller bacon
  • 5 egg
  • 3 dl mjølk
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar
  • 6 cherrytomater eller andre restar
  • 200 g reven ost
  • 2 ss hakka urter

Slik gjer du:

Kjevle ut deigen eller trykk han direkte ut i paiforma. Prikk deigen med ein gaffel. Steik botn på 200 ºC i 10-15 minutt.

Skjær kjøttrestane i bitar og legg i paiskalet. Bland egg, mjølk, salt og pepar og hell over fyllet. Dryss over ostog legg cherrytomater i skiver på toppen. Steik vidare ved 180 °C i ca. 25 minutt til eggeblandinga har stivna. Server paien med ein frisk salat attåt.


2. Fingermat av påleggsrestar

Småmat, fingermat, tapas – kjært barn har mange namn. Uansett er det ein slager i matvegen.

Dette treng du:

  • Sylteflesk, julepølse og/eller ribbe
  • Potetlefse/lomper eller tortilla
  • Grov sennep
  • Bladpersille
  • Kålrotstappe
  • Surkål
  • Svisker

Slik gjer du:

Smør sennep på ei lefse og dryss over hakka persille. Fordel kjøtet i bitar. Legg litt kålrotstappe utover lefsa. Rull det saman og skjær opp i tjukke skiver. Topp kvar bit med surkål og tyttebærsyltetøy, eller set i ein ostepinne med sviske og eple på.

Skjær julepølsa i bitar på skrå for å få lit stor overflate (ca 3 cm tykke). Legg på topping; surkål eller kålrotstappe, og litt frukt (eple, sviske, ananas) med ein pinne gjennom. Det same kan gjerast med små bitar av ribba. Bruk fantasien og få det fargerikt. Set i omn i nokre minutt.


3. Nydeleg pølse- eller kjøtgryte

Har du grønnsaker og kjøt til overs etter julemiddagen,e er denne gryta smart.

Dette treng du:

  • 3 poteter i terningar
  • 2 gulrøter i terningar
  • 1 finhalla løk
  • 1 fedd kvitløk, finhakka
  • 2 ms tomatpuré
  • 1 boks bønner i tomatsaus
  • 1-2 dl vatn
  • ½ ts timian
  • 1 laurbærblad
  • ½ ts salt
  • Restekjøt, gjerne pinnekjøt

Slik gjer du:

Ha alt utanom kjøtet i ei gryte og lat det småkoke til potetene er møyre. Del restar av  julepølse, ribba, kjøtpålegg eller andre kjøtrestar i små terningar. Ha det i gryta og la det heile får eit oppkok.



4. Betasuppe med pinnekjøt

Restar av pinnekjøt er kjempegod basis for ei betasuppe eller lapskaus. Dette er gode rettar som høver når kvardagen er i gang att og me er på ”sparebluss” i kaloriinntak og pengeforbruk. Kokt pinnekjøt kan ligge mange dagar i kjøleskåpet, å lenge det er godt innpakka.

Dette treng du:

  • 1 pk lapskausblanding, eller friske rotgrønsaker i terningar
  • 1 liter vatn/kraft frå damping
  • 3-5 pinnar med pinnekjøt

Slik gjer du:
Kok opp pinnane og lat det koke i nokre minuttar. Ta opp pinnane og ha i grønsakene. Ta kjøtet frå beina og skjer i små bitar før du har det oppatt i gryta. Kok 15-20 minuttar.

PS! Smaken vert ekstra god om pinnekjøtet er røykt. Har du andre kjøtrestar kan dei gjerne erstatte pinnekjøtet. Lapskausblandinga kan òg erstattast med friske rotgrønsaker og poteter i terningar.


5. Arme riddarar av restebrød/julebrød

Har du restar av brød, gjerne julebrød, er dette ein god frukost i romjula.

Dette treng du:

  • 8 skiver julebrød, loff eller anna brød
  • 4 egg                                                                                                 
  • 5 dl mjølk
  • 1 ts kardemomme
  • ½ ts kanel
  • Litt sukker om du har usukra brød

Slik gjer du:

Visp egg lett saman med mjølk og krydder og slå det i eit fat med kantar. Legg brødet i røra og lat det bli gjennombløytt. Ta opp loffskivene og steik dei i litt smør i ei steikepanne på middels varme. Steik på begge sider til dei er gulbrune. Server arme riddarar med rørde bær eller syltetøy.


6. Brødkrutongar av restebrød

Ikkje kast brød som er til overs. Lagar du krutongar kan det vare lenge – og dette er garantert populært hjå den yngre garde.

Dette treng du:

  • Brød i terningar (1 cm)
  • Krydderblanding
  • Nøytral olje

Slik gjer du:

Skjær opp brødet i terningar. Lag krydderblanding etter eige ynskje, eks salt, pepar, kvitløk og oregano. Ha krydderet i ei nøytral olje, (rapsolje/solsikkeolje, ca ½ ss pr skive) og fordel dette utover brødterningane. Bland godt før du har det i ei langpanne i omn i ca. 20 min på 180 °C. Snu i det under tørkinga.


7. Tilslørte bondepikar av julekaker

Denne desserten er frisk og god – og heilt super om du vil bli kvitt julekakene. Miks gjerne småkaker, eller vel ein sort. Kva du vel av bær og krem kan du avgjere litt etter kva du har i kjøleskåpet.

Dette treng du:

  • Rester av julekaker
  • Friske/tinte bær
  • Krem/vaniljekrem/kesam/naturell yoghurt

Slik gjer du:

Knus julekakene i foodprossesor eller i ein pose som du kjevlar over nokre gonger. Ikkje knus dei heilt, litt store smular er godt å tygga på. Legg kakesmulane lagvis med bær og krem/vaniljekrem/naturell yoghurt. Her trengs ikkje sukker, kakene har rikelig av den sorten.

Bør bli laga rett før servering.