SIMAS stiller med stand på Strandsitjardagane 2017

Me tek med oss informasjon og utstyr til mellom anna Kystlotteriet og heimekompostering når me tek turen ut til Solvorn på Strandsitjardagane laurdag 23. september.

Kom og ta deg ein kaffikopp med oss og ein hyggeleg prat om kva du måtte ynskje. Me har med sekker og lodd om nokon ynskjer å rydde strender og vere med på Kystlotteriet. Du kan ta ein kikk på kompostbingen me sel, kanskje heimekompostering kan vere av interesse for deg?

Ta turen innom standen vår for ein hyggeleg prat på Strandsitjardagane i Solvorn!

Sjekk ut arrangementet til Strandsitjardagane på Facebook: her.

Kystlotteriet_bw_index.png