Rydd skåpet for gamal medisin

Det går i desse dagar ein nasjonal kampanje som heiter "Rydd skapet". Fylkesmannen oppmodar til å nytte høvet til å rydde skåp for gamal medisin og levere det gratis på apotek. 

Rydd skapet.jpg

For å sikre forsvarleg handtering av medisinrestar og ubrukte legemiddel skal dette leverast på apoteket. Lever det gratis i ein pose. Fylkesmannen opplyser om at over 600 tonn medisinar vert kasta i Noreg kvart år, og at berre halvparten av dei ubrukte vert levert inn til apoteka.

Medisinar og legemiddel påverkar organismar i jord og vatn om det hamnar i avlaup eller i bosset. Unngå unødvendige utslepp til naturen, lever medisinrestane til eit apotek.