Renovasjon Undredal

Renovasjonsordning for Undredal inntil vegsamband er oppretta:

  • Papp, papir og plast:
    Aurland kommune vil i samarbeid med SIMAS setje ut 6 x 660 liters dunkar for papp og papir i Undredal sentrum i veke 46. Abonnentane kan nytta desse dunkane til levering av papp og papir denne veka. Sekker med plastemballasje kan også leverast her. Avfallet vert henta fredag 14. november.

    SIMAS oppmodar om at dei som har høve til det, lagrar papp, papir og plastemballasje heime inntil det vert tilkomst for renovasjonsbil i Undredal.
     
  • Restavfall og våtorganisk avfall:
    Ordning for dette vert vurdert i veke 46. Dette er avhengig av forventa opningstidspunkt for fylkesvegen ned til Undredal.