Planlegg du å skifte ut dei gamle vindauga?

Kenneth Teigen tek i mot mange vindauge frå folk som pussar opp. Han trur folk er blitt flinkare til å resirkulere farleg avfall.

Kenneth Teigen tek i mot mange vindauge frå folk som pussar opp. Han trur folk er blitt flinkare til å resirkulere farleg avfall.

Eit godt råd: Vær obs på kva år dei er produsert.

Gamle vindauge kan innehalda ein heil «cocktail» av miljøgifter, som er farleg for både deg og miljøet. Fugemassen er verst, der du kan finne både PCB, klorparafinar og ftalat.

Me nordmenn er i verdstoppen når det gjeld oppussing, og bruker milliardar av kroner på hus og heim kvart år. Då er det viktig at vi behandlar avfallet riktig, noko me i SIMAS gjerne hjelper deg med.

– Det kommer inn mykje vindauger til oss. Eg trur folk er blitt meir bevisst og leverer avfall hos oss framfor å brenna det på eit bål slik dei kunne gjere før, fortel Kenneth Teigen, fagansvarleg farleg avfall.

Finn produksjonsåret

Som hovudregel kan du gjere følgjande: Finn produksjonsåret som er stempla inn i metallrista mellom glasa. Er året mellom 1965 og 1995, inneheld vindauga høyst sannsynleg ei eller fleire miljøgifter. Vindauge heilt fram til 2005 kan òg innehalde ftalater.

– Kom gjerne med vindauga til oss i SIMAS uansett kva år dei er produsert. Då vert avfallet garantert sortert slik dei skal og ivaretatt på best mogleg måte, seier Teigen.

Er året mellom 1965 og 1995, inneheld vindauga høyst sannsynleg ei eller fleire miljøgifter. Vindauge heilt fram til 2005 kan òg innehalde ftalater.

Vindauge med PCB

Ny bruk av PCB ble forbode i 1980, men det finnast framleis i gamle materialar. Er vindauga produsert i Noreg mellom 1965 til 1975, eller i utlandet frem til og med 1979, er det truleg PCB i dei.

­– PCB kan medføre svekket immunforsvar, og gjere folk meir mottakelege for infeksjonar og sjukdommar. Så det er lurt å ta dette på alvor, seier Teigen.

Vindauge med klorparafiner

Vindauger produsert i Noreg frå 1975 til 1990, eller i utlandet frå 1980 til 1995, har truleg klorparafiner i seg. Dei brytast langsamt ned i miljøet og kan hope seg opp i menneske og dyr.

Klorparafiner vert mellom anna brukt som bindemiddel i PVC-plast, som flammehemmar i plast, gummi og tekstiler, og for å mjukgjere plast, gummi og maling.

Vindauge med ftalater

Vindauge frå 1990 til 2005 kan innehalde ftalater. Ftalater inneheld mange forskjellige stoff. Nokon ftalater er klassifisert som reproduksjonsskadelege, nokon er klassifisert som miljøfarlege.

Ftalater nyttast hovudsakeleg som mjuknar i plast, særleg i PVC, og finnast mellom anna i produkt som tetningsmidlar og gummilister, lim, maling og lakk.

Kort summert

Skal du rehabilitere, pusse opp, rive eit bygg eller byggje nytt, bør du handtere avfallet på riktig måte. Dersom du ikkje sorterer og til dømes brenn avfallet, frigjer du alle dei farlege stoffa og forureinar.

– Det er stadig nye stoff me ikkje veit nok om. Det tryggaste er å levere gamalt materiale til oss i SIMAS. Me har mykje fokus på farleg avfall, også inn mot næringsbygg. Spør oss om du er usikker, avsluttar Teigen.

Har du spørsmål om farleg avfall? Ta kontakt med Kenneth Teigen, fagansvarleg hos SIMAS.