Pass på so ikkje avfallet frys fast

Om det vert skikkeleg kaldt kan avfall fryse fast i avfallsdunken, noko som inneber at renovatøren ikkje får avfallet med seg. Grunna helsemessige omsyn skal ikkje renovatørane ta i avfallet, og detsom ikkje fell ut av seg sjølv vert igjen i dunken. For å sørgje for at alt avfall vert med under tømming og ikkje frys fast, kan du leggje ei avis, eggekartong, bark, strø eller flis i botn av dunken. Du kan òg leggje tørkepapir eller avispapir oppi saman med avfallet for å trekke til seg litt av fuktigheita. Sørg for at bioposen er godt knytt saman. Hugs òg å måke og strø så renovatøren kjem seg fint fram. God vinter!