Vann 10.000,- i Returkartonglotteriet

Ove Tuften får10.000,- inn på konto for sin innsats med å bretta og resirkulera drikkekartongar.

Ove Tuften får10.000,- inn på konto for sin innsats med å bretta og resirkulera drikkekartongar.

- Dette var uventa!

Til dagleg jobbar Tuften på Mesta og har fem ungar i heimen. Noko som gjer at innsatsen med resirkulering heime utgjer store forskjellar.

- Er vi ikkje flink til å sortera, blir det kaos i bosset. Det blir fullt med ein gong. Så vi er nøye med å resirkulere alt, unge som gamle, fortel mannen frå Jostedalen.

Vann 10.000,-

Returkartonglotteriet er i regi av Grønt Punkt, som kvart år deler ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Det vert delt ut 120 premiar på 10.000,- og fire premiar på 100.000,-. Dei blir trekte på ulike stader i landet, også hos SIMAS i Festingdalen.

Det er ikkje lenger enn eit års tid sidan Tufte og familien starta med å skylja, bretta og samla drikkekartongane i ein kubbe og skrive namn på. Før det gjekk òg alt i papiret, men utan vinnarsjansar. Så det vart ein glad Tuften som svara på telefon frå SIMAS.

- Ja, det var ei hyggeleg overrasking. Kva vi gjer med pengane veit eg ikkje, men det er det mange heime som har ein idé om, seier den blide mannen.

 

Fakta om Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersoner eller organisasjonar, skuler, barnehagar, idrettslag etc.
  • Kvart år delast det ut premiar for til saman 1,6 millionær kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000. 
  • Seks tomme og skylde drikkekartongar brettast ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lokk kan godt henga utanfor. For skulemjølk-kartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.
  • Deltakar skriver namn og telefonnummer på den de vil skal vinne på ”kubben” og leverer denne i den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.
  • Kubbar vert trekt på 84 forskjellige trekkestedar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Disse kubbane går vidare til nasjonal trekning.