Ølglas frå Øyafestivalen blir kompost i Sogn

  I år er alle ølglass på Øyafestivalen laga av PLA, eit materiale av overskot frå mais- og potetproduksjon. Foto: Øyafestivalen/Pål Billis

I år er alle ølglass på Øyafestivalen laga av PLA, eit materiale av overskot frå mais- og potetproduksjon. Foto: Øyafestivalen/Pål Billis

Nye, miljøvennlege ølglas har blitt hovudbry for festivalen. No vil me i SIMAS hjelpe.

I fjor bytte Øyafestivalen i Oslo ut ølglas frå plast til PLA. Dei ville bort frå eingongsartiklar laga i material som kan vare i hundrevis av år. PLA er laga av overskot frå mais og potetproduksjon som kan komposterast.

Men å bytte ut plasten til PLA viste seg å vere meir komplisert enn Øyafestivalen trudde.

– I naturen vil PLA oppføre seg nesten likt som plast om den ikkje blir handtert riktig. PLA treng mellom anna høg temperatur for å brytast ned, fortel Cathrine Røsseland, mat- og miljøsjef for Øyafestivalen.

Dette har gjort det vanskeleg å finne nokon som kan ta imot PLA-glasa til festivalen.

Me vil ta imot PLA-glas

Norsk Gjenvinning, som jobbar med Øyafestivalen til vanleg, hadde ikkje moglegheit til å ta imot ølglasa. Gleda var difor stor då dei fann moglegheiter hjå SIMAS.

– Me har eit av få anlegg for reaktorkompostering i Norge. Nedbrytinga skjer inne i ein reaktor, der det biologiske avfallet blir blanda under høg temperatur. Dette hygieniserer massen, tek livet av skadelege bakteriar og bryt ned avfallet, fortel Hallvard Thomasen, direktør i SIMAS.

Nedbryting er «tøffare» i eit slikt anlegg. Det går raskare og avfallet er klart for vidare handsaming. Dette gjer at SIMAS kan ta imot ølglasa av PLA og hjelpe Øyafestivalen i sommar.

– Det er spennande å bli utfordra av ein så miljøbevisst organisasjon som Øyafestivalen, så dette måtte me prøve å få til. Me tek allereie i mot små mengder PLA frå ein kunde og me prøvde litt frå Vinjerock i fjor. Det gjekk bra, fortel Thomassen.

Bruker opp at ressursar

PLA-glasa er noko Øyafestivalen har tru på. Med eit materiale som kan gjenvinnast til kompostjord, og eit miljø- og avfallsselskap som kan ta imot avfallet, er dette eit av dei mest miljøvennlege alternativa som finst i dag.

– Det viktigaste er jo at avfallet blir gjenvunne og ikkje hamner i naturen. Og når materialet ikkje er av fossile råvarer og kan bli til kompostjord, er dette verkeleg eit nybrotsarbeid, fortel Røsseland.

– Ja, me får til ei betre miljømessig handtering av avfallet. Dette er eit bidrag til det grøne skiftet, då me bruker opp at meir av ressursane me nyttar, supplerer Thomassen.

Ved å nytte biologisk avfall til nye jordprodukt brukar SIMAS ressursane opp att, slik at planter og vekstar kan dra nytte av næringsstoffa ein gong til.

– Me jobbar med å utvikle eit torvfritt og bærekraftig jordprodukt som kan nyttast av alle våre abonnentar. Neste år vil me ha kompostjord klar til bruk, seier Thomassen.

  Foto: Øyafestivalen/Maja Brenne

Foto: Øyafestivalen/Maja Brenne

  Foto: SIMAS

Foto: SIMAS