Nyttar du aviser når du fyrer i omnen?

vediovnen.jpg

Dei gjer større nytte i papirgjenvinninga.

Me er i gong med fyresesongen igjen, og då er det nokre ting som er viktig å tenkje på. Riktig vedfyring gir mindre sot og forureining, meir varme og mindre risiko for pipebrann.

Først av alt: Papp, kartong og papir gir lite energi - dei gjer større nytte i papirgjenvinninga (då får dei nytt liv som nye produkt). Dei lagar mykje aske og stel surstoff, samt at trykksverte er skadeleg for miljøet. Nytt heller opptenningsbriketter.

Stabl i ein firkant. Nytt store vedkubbar nedst og ein blanding av opptenningsved, med to til tre opptenningsbriketter øvst. Det er viktig at vedkubbane er tørre. Stable veden med gode luftlommer og hugs å ha alle ventilar i omnen er opne. Fyrst når eldstaden er varm (etter ca. 15 minuttar), bør du regulere ned ventilane.

God fyring!

PS! Det er meir miljøvennleg å brenne veden med synlege flammar. Bål utan flammar doblar utsleppa av kolos og partiklar.