Nytt frå SIMAS: App og Mi side

SIMAS har gjennom hausten jobba med to nye produkt som me ynskjer å presentere for dykk. Ein heilt ny "app" for smarttelefonar og ei nettbasert løysing som gir dykk innsyn i kva de er registrert med av kommunale tenenster hjå oss. Sjekk dei ut! 

Min Renovasjon

Me har gleda over å presentere vår heilt nye «app»! Applikasjonen heiter Min Renovasjon og gjev:

Slik ser hovedmenyen ut

Slik ser hovedmenyen ut

  •  oversikt over returpunkt
  •  varsling når du skal ha tømming
  •  informasjon om kva som skal sorterast kor
  •  informasjon om miljøstasjonane
  •  mogelegheit for å sende melding direkte frå appen til SIMAS  

Søk opp di kommune og legg til di gateadresse eller gards- og bruksnummer. Du får no tilgang til kalenderen som viser dine aktuelle tømmetidspunkt.

Under oversikta over tømmetidspunkta kan du legge inn alarm som varslar om føreståande tømming og kva fraksjon som skal tømmast. Legg inn ynskja klokkeslett og vel om du ynskjer varslinga dagen før eller same dag som tømminga. 

 

 

Mi side

Me tilbyr no den nettbaserte løysinga Mi side for våre hushaldningsabonnentar. De finn direkte lenke frå vår heimeside www.simas.no. Ein loggar seg inn med MinID eller BankID. Sida gjev oversikt over kva slags renovasjons- og slamabonnement ein er registrert med.

Ein kan finne:

  •  Tidligare fakturerte gebyr
  •  Kva slags gebyr ein er registrert med
  •  Kva  dunkar ein har, og storleiken på dei
  •  Om ein er registrert med samarbeid om dunkar, og eventuelt med kven
  •  Tømmekalender
  •  Matrikkelinformasjon om eigedomen
  •  Slamtankens storleik og type
Slik ser modulen "eiendomsgebyr" ut på Mi side. Du vel andre moduler øvst i tenestemenyen.

Slik ser modulen "eiendomsgebyr" ut på Mi side. Du vel andre moduler øvst i tenestemenyen.

Her legg du inn tømmevarsel

Her legg du inn tømmevarsel

Her sender du melding direkte til SIMAS

Her sender du melding direkte til SIMAS