Nye returpunkt for glas- og metallemballasje i Sogndalsdalen

Det vert i dag sett ut igloar for innsamling av glas- og metallemballasje ved Hodlekve bru og ved SIL-hytta i Hodlekve.

Det gjev både fastbuande og hyttefolk ein meir tilgjengeleg sorteringsmogelegheit. 

Om nokre veker vert det sett ut containerar for innsamling av papp/papir på dei same punkta. SIMAS håpar de nyttar desse slik at me saman får sortert ut ressursar som går til materialgjenvinning.

#ressursarpårettveg