Mottak og tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar

Stortinget har vedteke ein statleg finansiert tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar som trer i kraft 1. oktober.  

Foto: iStock

Foto: iStock

Tilskotsordninga skal bidra til å sikre forsvarleg handsaming av kasserte båtar og stimulere til auka innsamling til materialgjenvinning og anna lovleg handsaming av desse.  Ordninga skal slik forebygge at kasserte fritidsbåtar kjem på avvege.

Med fritidsbåtar meiner ein her fartøy til sports- og fritidsbruk med skroglengde inntil 15 fot/4,57 meter), uavhengig av totalvekt, og som nyttast utanfor næringsverksemd. Mindre fartøy som kano og kajakk inngår i tilskotsordninga. Fritidsbåtar med aluminiumskrog samt kjøl og ballast i metall, omfattast ikkje av denne tilskotsordninga. Båt over 15 fot må leverast i Festingdalen.

Motor skal fjernast og leverast separat på miljøstasjonen, tom for bensin/olje.

Tilskotsordninga er todelt. Eigar av fritidsbåten og mottaket søkjer kvar for seg og uavhengig av kvarandre. 

Privatpersonen som levara inn båten søkjer sjølv om tilskot, og skal sørgje for at dette skjemaet vert utfylt av operatør på det godkjende mottaket. Alle miljøstasjonane i SIMAS-kommunane tek imot båtar inntil 15 fot, større båtar må leverast til Festingdalen. 

Søknadsskjema for privatpersonar finn de på nettsidene til Miljødirektoratet her.