Bli ein meister i matvett på 1-2-3

OVERSIKT: Eit godt system for oppbevaring av mat gjer det lettare å vita kva du har til ei kvar tid. Foto: Lagerhaus

OVERSIKT: Eit godt system for oppbevaring av mat gjer det lettare å vita kva du har til ei kvar tid. Foto: Lagerhaus

Kvart år kastar kvar og ein av oss i gjennomsnitt 42 kg mat. Dette tilsvarar fleire tusen kroner me kunne brukt på heilt andre ting.

Av og til vert mat dårleg utan at me kan noko for det, men i prinsippet burde det ikkje vore nødvendig å kasta mat i det heile teke. Kva om vi planlegg innkjøpa våre, oppbevara maten rett og brukar sansane våre betre før me kastar maten?

Kva er matsvinn?

Matsvinn er all mat me kastar som burde vore ete før den vart dårleg eller som ikkje er heilt fersk lenger. Dette kan vera brød frå i går, bananar som berre er brune utanpå eller tomatar som er for blaute for salaten, men gode for ein pastasaus. Appelsinskal, kjøttbein, potetskrell og liknande er matavfall og skal sorterast som det.

Kvifor kastar me så mykje mat?

For 40 år sidan var det ingen som snakka om kasting av mat og sløsing med råvarene. Då åt me opp maten vår og lagde nye rettar av middagsrestane frå i går utan å lura på om dette var trygt eller godt.

Gradvis har me vorte meir kravstore til mattryggleik og tilbod av råvarer, og samtidig meir avhengig av ferdigmat for å få kvardagen til å gå rundt. Me utnyttar sjeldan heile råvara når me kokkelerar, og mange vet ikkje korleis dei skal bruka restane av råvarer og ferdige rettar på nye og spanande måtar.

Me har gløymt gamle tradisjonar for å hausta det som finst i naturen, og bearbeida og oppbevara maten på ein måte som gjer at den varer lenge.

Manglande kunnskap gjev mykje matsvinn

Me kastar mykje mat berre fordi den er utgått på dato. Me manglar kunnskap om forskjellen mellom "best før" og "siste forbruksdag", og me er ikkje trygge på korleis mat skal sjå ut og lukta når den ikkje er heilt fersk, men framleis kan etast. Mykje mat kastar me difor fordi me ikkje veit betre. Me trur maten er vorte til avfall og er redde for å verta sjuke (tørt brød, blaute tomatar, middagsrestar, mat som er utgått på dato, hard ost med mugg på og som kan skjerast vekk).

Me kjøper for mykje mat, lagar for mykje mat og tek ikkje vare på restane. Dersom me spør oss sjølv om kva me har i skåpet i staden for kva me har lyst på til ei kvar tid, så er sjansane større for at me ikkje må kasta den maten me allereie har. Me tenkjer nok lite på all ressursbruken som skjer på vegen frå maten vert laga til du har den på bordet hjå deg. All mat har ein verdi og det er viktig å eta opp alt du har kjøpt.

RESTEMAT: Middagsrestar passar godt som restemat dagen etter. Kjøtkaker i pitabrød er godt i matboksen. Foto: Matprat

RESTEMAT: Middagsrestar passar godt som restemat dagen etter. Kjøtkaker i pitabrød er godt i matboksen. Foto: Matprat

Dette kan du gjera for å kasta mindre mat:

  • Planleggja rett
    Finn dei rutinane som passar best for deg og din familie. Legg ei handleliste på benken som alle skriv opp ting på når noko manglar. Slik unngår du å ha 4 ketchupflasker og tacosausar i skåpet, og du kjem heim med det du faktisk treng. Planlegg menyen for veka slik at nokon av råvarene passar i fleire rettar. Då sikrar du å få brukt opp alt.
  • Hald orden i kjøleskåpet
    God orden og hygiene i kjøleskåpet kan spara hushaldninga for mykje matsvinn, og mykje pengar. Set den eldste rømmen fremst i kjøleskåpet og ha ei eiga skuff eller hylla til t.d. pålegg. Pakk restemat og opna pakningar godt inn før du set dei vekk. Det hindrar uttørking og matsmitte i kjøleskåpet.
  • Bruk frysaren
    Hugsar du å eta maten i frysaren før den vert for gamal? Merk maten med datoar ved innfrysing, så har du oversikt. Det er fornuftig å frysa ned maten i passande porsjonsstørrelsar. Ta omsyn til størrelsen på hushaldninga.
  • Innfør restetorsdag
    Legg inn ein restedag i veka. Matvett har innført begrepet Restetorsdag, slik at me kan eta oss "ut av skåpet" på torsdagar, og handle inn ny mat med godt samvit til helga. Du sparar pengar og slepp å kasta verdifulle ressursar som har reist langt for å komma til din tallerken, for ikkje å snakka om avfallsdunken.
  • Oppbevar maten rett
    Forskning viser at mat som skal ha det kaldt, som kjøt, fisk og meierivarer, aukar haldbarheita med mange dagar dersom dei vert oppbevart ved rett temperatur. Pakk maten godt inn og få den raskt i kjøleskåp når du kjem frå butikken, så vert haldbarheita forlenga ei stund.
  • Bruk sansane før du kastar
    «Best før»-datoen opplyser når produsenten meiner at maten er på sitt beste. Det betyr ikkje at den ikkje er etande eller dårleg etter at «best før»-datoen er gått ut. Bruk sansane dine før du bestemmer om du skal eta eller kasta maten. Mat merka med «siste forbruksdag» er lett bedervelege matvarer som fersk fisk, bearbeidde kjøtprodukt, kylling, rå pølser, innmat og ein del kjøtpålegg. Dette er mat som er merka for å sikre mattryggleik.
  • Tenk alternativ bruk
    Sjølv om råvarene endrar karakter, betyr det ikkje at dei ikkje er etande. Oppskrifter på restemat finn du på matvett.no. Du kan søkja på ingrediens og få oppskriftsforslag ut frå det du har i skåpet.

Artikkelen er skrive i samarbeid med Matvett.

MATSVINN: Kvar og ein av oss kastar 42,1 kg mat som kunne vore ete i løpet av eit år. Blant anna 13 kg gryte- og tallerkenrestar, 11,3 kg frukt og grønt og 12 heile brød. Foto: Matvett.

MATSVINN: Kvar og ein av oss kastar 42,1 kg mat som kunne vore ete i løpet av eit år. Blant anna 13 kg gryte- og tallerkenrestar, 11,3 kg frukt og grønt og 12 heile brød. Foto: Matvett.


Slik vert miljø og menneske belasta når me kastar mat

  • ⅓ av all mat som vert produsert i verda vert kasta
  • Det trengst store vatn- og jordressursar for å dyrka og foredla korn, kjøt og andre råvarer
  • Verda sin matproduksjon står for ca. 30 % av alle klimagassutslepp
  • Matsvinn aleine står for 10 % av verda sitt klimagassutslepp
  • Verda sin matproduksjon må auka med 60 % innan 2050 for å halda tritt med befolkningsutviklinga med mindre me vert flinkare til ikkje å kasta mat.

Visste du at?

  • Av 2 kg mat- og hageavfall vert det omlag 1 kg kompost.
  • Ein buss som går på biogass kan køyra, 0,5 km på 2 kg matavfall.
  • Kjøleskåpet skal ha ein temperatur mellom +2 til +4 grader.