Me tek ikkje imot slakteavfall

Me kan diverre ikkje ta imot slakteavfall då det skapar trøbbel i komposten. Her er kva du kan gjere.

SIMAS har ikkje høve til å ta imot slakteavfall. Slakteavfall skal ikkje kastast i behaldaren de har heime, og SIMAS har heller ikkje mogelegheit til å ta imot slakteavfall på miljøstasjonane. Dette fordi det skapar trøbbel i komposten.

Ta kontakt med dykkar lokale veterinær for råd om handtering. Besøk gjerne Norsk Protein si heimeside for meir informasjon.