Lærling på SIMAS?

På SIMAS i Festingdalen er det mykje som skjer og mange mogelegheiter.
Nokre av mogelegheitene for dei som er ferdig med dei forskjellige yrkeslinene er her på SIMAS, med stadig utvikling og utviding so har SIMAS eit godt utval av lærlingplassar i Festingdalen.

 

SIMAS kan tilby lærlingplassar som anleggsmaskinførar, yrkessjåfør, i gjenvinningsfaget og kontor- og administrasjonsmedarbeidar.

Som anleggsmaskinførar på SIMAS er det mange forskjellige utfordringar og varierande kvardagar. Me har forskjellige område i Festingdalen der me brukar maskinar; som i komposthallen, pressehallen, deponiet og sorteringsplata.
Me har eit stort utval av maskinar og mange dyktige arbeidarar med lang erfaring og mykje å læra vekk.
Utdanningsveg:
- Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
- Vg2 Anleggsteknikk
- Vg3/opplæring i bedrift – Lærling i 2 år

Som yrkessjåfør for SIMAS er det ein varierande og aktiv kvardag, der ein anten køyrer SIMAS sin lastebil med containerar eller lastebilen med varer.
Når ein køyrer containerar er det byting og henting på miljøstasjonane. Lastebilen som levera varer hentar òg inn avfall, avfallsbehaldarar og forskjellige typar fraksjonar på miljøstasjonane.
Utdanning:
- Vg1 Service og samferdsel
- Vg2 Transport og logistikk
- Vg3/opplæring i bedrift – Lærling 2 år

Som gjenvinningsoperatør er mange felt ein kan arbeide med; komposthallen, deponiet, miljøstasjonen og pressehallen. Dette er eit yrke som spesialisera seg på gjenvinning av brukte og kasserte produkt og råstoff.
Utdanning:
- Vg1 Teknikk og industriell produksjon
- Vg2/opplæring i bedrift – Lærling i 3 år.

Som kontor- og administrasjonsmedarbeidar er ingen dag lik. Det er nye utfordringar kvar dag og mykje å lære.
Kundeservice, økonomi, sakshandsaming, bestillingar og prosedyrar er nokre av tinga ein lærer på SIMAS.
Når ein er lærling innanfor kontor- og administrasjon på SIMAS heldt ein til i hovudbygget (administrasjonsbygget).
Utdanning:
- Vg1 Service og samferdsel
- Vg2 Sal, service og sikkerhet
- Vg3/Opplæring i bedrift – Lærling 2 år.

Kontor og administrasjons lærling på SIMAS

Eg heite Tomas Kilen Rinde og er lærling på SIMAS i Festingdalen.
Eg begynte på SIMAS i Augsut 2015, lærling tida går over 2 år og eg er snart ferdig med tida mi på SIMAS.
På dei 2 åra eg har jobba i Festingdalen har det aldri våre ein lik dag, med masse forskjellige og utfordrande oppgåver.
Eg har lært masse og eg har fått utvikla meg masse, spesielt i service og kundebehandling, eg har lært masse og fått blitt kjent med mange flotte medarbeidarar.
Eg anbefalar SIMAS som lærlingplass etter mine 2 år der.

- Tomas Kilen Rinde