Lag eigen jord til bed og kjøkenhage - heimekompostering

Med heimekompostering kan du redusera avfallet ditt med 50-100 kilo per år! Samtidig får du næringsrik jord til å dyrke eigne grønsaker, blomar og plantar.

Veldig mykje av boset vårt er mat- og hageavfall, og kompostering er ein utmerka måte å nytte eigne ressursar. Det er mange grunner til at ein bør kompostere mat- og hageavfallet. Heimekompostering er ein særs god måte å ta vare på det organiske avfallet. Kompostjorda du lagar sjølv er den beste næringa du kan gje plantane i hagen din. Den er så næringsrik at du ikkje lenger treng kjøpe gjødsel. Du kan ganske enkelt hjelpe både miljø og lommeboka ved å kompostere avfallet sjølv.

Separett Kompen

Separett Kompen

 

SIMAS gir avslag på kompostbingen Separett Kompen, kjøpt via oss. Har ein vore på kompostkurset vårt, har godkjend binge som er isolert for heilårsbruk og ikkje har avfallsbehaldaren for våtorganisk avfall kan ein skrive ein avtale om heimekompostering der ein signerer på at pliktene er oppfylt og ein får redusert renovasjonsavgifta med 35 % samanlikna med eit standardabonnement (3 x 140 l avfallsbehaldarar). Sjå avtalen og pliktene her.

Perfekt for barnefamiliar

La barna vere med på kompostering! Å sjå korleis matavfallet vert omdanna til kompost er fascinerande både for store og små. Dei lærer om økosystem og om å vere meir miljøvenleg på skulen, so kvifor ikkje sjå dette i praksis? I jorda kan ein dyrke grønsaker, plante blomar, bærbusker og epletre. Kanskje barna kan få kvart sitt tre som dei kan ta vare på. Det er moro og lærerikt for barna å sjå korleis naturen si syklus fungera. Det gjer kanskje at dei set meir pris på maten dei får, trea dei klatrar i og jorda dei leiker på?

Varm- eller kaldkompost?

Ein skil mellom to kompostmetodar; varmkompost og kaldkompost. Matavfall bør berre komposterast i varmkompost. Difor gir SIMAS berre redusert renovasjonsgebyr for varmkompostering då kompostbingen skal erstatte behaldar for våtorganisk. Den kan halde varmen gjennom vinteren og er sikker mot eventuelle besøk frå mus og rotter. Ønskjer du å kompostere hageavfall, kan du ha ein kaldkompost i en haug eller ein open binge i hagen. Kaldkompost brukar lenger tid på å verte nedbrote enn varmkompost. Det kan ta opp mot to år, avhengig av kva du kompostera. Komposten som kjem ut frå ein varmkompostbinge kan med fordel leggast i ein rankekompost for kaldkompostering etterpå for å verte heilt klar for bruk i hagen. Eller den kan nyttast som gjødsel, blanda med anna jord.

Bokashi-metoden

Det finnast luktfri kompostering du kan ha under kjøkenbenken heime. Den omdanna alt matavfall til næringsrik jord og gjødsel på få veker. Du finn meir informasjon om dette på www.bokashinorge.no. Her kan du bestille alt du treng for å kome i gang med kompostering under vasken. SIMAS gir reduksjon i renovasjonsavgifta om ein ønskjer å nytte bokashi-metoden, men då må ein forplikte seg til fullføre prosessen i ein rankekompost når veret tillèt det. Ein må då ha ein ordning for å oppbevare komposten i mellomtida. Ved rankekompostering er det anbefalt å nytte ein kompostduk. Desse får ein kjøpt hjå SIMAS. Bokashi-bøtta kan slik erstatte varmkompostdunken for å ta imot organisk hushaldsavfall i periodar, men føresetnaden er at ho seinare vert tømt i ein aktiv kompostranke (med hageavfall og liknande). Bøtteinnhaldet vert da nytta på same vis som fersk husdyrgjødsel, eller liknande. Bokashivæska bør og nyttast i komposten og ikkje som fersk gjødsel. Dette for å hindre at næringsstoffa (som er lettløyselege) kjem på avvege, eller at væska kan gje grobotn for vekst av uønskte mikrobar i ulike hagekulturar. I fersk tilstand er væska ikkje noko hygienisk problem, men når ho kjem i kontakt med luft vil ho kunne føre med seg både lukt og hygieniske problem. Elles gjeld dei same pliktane som for vanleg varmkompostering.

Kaldkompost til hageavfall

Når våren kommer skal hagen kanskje ryddes opp i. En kaldkompost kan brukes til hageavfall, og her kan du som nemnt ettermodne varmkomposten. Til kaldkompost treng du ikkje kjøpe behaldar; du kan snekre ein sjølv, eller berre finne ein skuggefull stad i hagen der du kan lage ein haug/ranke. Gras, lauv og daude plantar vert omdanna til jord i din eigen hage, og ein slepp å stappe bossekker fulle å køyre til miljøstasjonen.

Om du ikkje vil gjere jobben sjølv; kjøp rimeleg og god kompostjord

Kvifor:

● Du kan redusere avfallsmengda di betrakteleg

● Du unngår bruk av torvbaserte jordprodukt som skadar miljøet

● Du får næringsrik jord du kan bruke i kjøkenhagen, på balkongen eller i hagen.

● Det er morosamt og inspirerande for både voksne og barn

● Du sparar tid og peng

● Du veit kva det er i jorda du dyrkar frukta og grønsakene dine i.

Korleis

Dette treng du:

● Kompostbeholder, gjerne Svanemerket (som Sepratt Kompen)

● Strø (kan kjøpast på hagesenter eller byggevarehus, eller hentast på ein SIMAS sine miljøstasjonar)

● Røreutstyr (en spade, et greip eller annet du har, følgjer med Separett Kompen)

● Liten behaldar for oppsamling av matavfall på kjøkenet

● Last ned gratis: Ren jord - håndbok i hjemmekompostering

Miljøgevinst: Med heimekompostering kan du redusera avfallsmengden med 50-100 kilo per person per år og kan sitte igjen med 30-40 kilo flott kompost. I tillegg redusera me miljøbelastninga ved å unngå transport av avfallet, og transport og innpakning av jord du elles ville kjøpt.

Vanskelegheitsgrad: Lett. Det treng ikkje mykje utstyr for å kome i gang. Det skjer mykje på få veker, og mykje av jobben gjer seg sjølv.

Godt å vita: Du kan signere avtale med SIMAS og få ein årleg reduksjon i avfallsavgifta.

Å velje kompostjord når ein skal plante og dyrke noko er bra for miljøet. Den vanlege torvbaserte jorda som seljast på hagesentera består stort sett av torv som vert grave ut frå myrer. Det gir store klimagassutslepp og øydelegg dei norske myrene. I tillegg vert fleire insekts- og planteartar som høyrer til på myrene truga. Heldigvis kan ein kjøpe kompostjord, som er eit miljøvenleg alternativ til torvbaserte jordprodukt, om du ikkje vil kompostere sjølv. På kompostportalen.no finn ein oversikt over kor ein kan kjøpe rimeleg og god kompostjord frå eit avfalls- eller gjenvinningsanlegg. Fleire kjeder har no òg begynt å selje torvfri blomsterjord; som Plantasjen, Europris og Clas Ohlson.

Ta kontakt med SIMAS for meir informasjon om kompostering.