Kurs i heimekompostering 2016

I samarbeid med Christian Zurbuchen hjå Økoringen Vest arrangera SIMAS kurs i kompostering for alle interesserte i SIMAS-kommunane. 

Kursa vil i år finne stad:

Onsdag 30.mars - Luster kommune: Kommunestyresalen på Rådhuset i Gaupne, kl. 18.00-21.00.

Torsdag 31.mars - Aurland kommune: Kommunestyresalen på Rådhuset i Aurland, kl. 18.00-21.00.

Onsdag 06.april - Vik kommune: Kyrkjestova i Vik, kl. 18.00-21.00.

Kurset er gratis og det er sett av tre timar. Kurset vil gje ei innføring i kompostering av våtorganisk avfall og me vil sjå på kompostbingen Separett Kompen som SIMAS sel.

Når ein kompostera sitt eige våtorganiske avfall kan ein søkje om reduksjon i renovasjonsabonnementet på 35 %. 

Meld deg på via kontaktskjema på heimesida eller til Linn Sofie Ugulen (informasjonsmedarbeidar i SIMAS) på e-post: linn@simas.no eller telefon: 57 67 69 95.

Påmelding innan 23.mars.

Vel møtt!