Kommunalt tillegg i Luster kommune

For å dekkje Luster kommune sine eigne oppgåver innan renovasjon og slam vart det frå 01.01.2016 innført eit kommunalt tillegg på renovasjon- og slamgebyret. 

Det kommunale tillegget for renovasjon gjeld pr. eining og er sett til kr. 187,50 (150,- eks. mva.) for 2016.

Det kommunale tillegget for slam gjeld pr. eining tilknytt slamtank og er sett til kr. 94,- (75,- eks. mva.) for 2016.

For renovasjon dekkjer tillegget:

  • Del av «sentrum/badeplass/utfartsområdet-renovasjon», innsamling av avfall/opprydding.
  • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for renovasjonsbetaling.
  • Juridisk bistand i samband med spørsmål om renovasjonsbetaling og andre lovtolkingar innan renovasjon 
  • Del av administrative kostnader på tenesteeiningane.

For slam dekkjer tillegget:

  • Administrative kostnader til sakshandsaming av avlaup i sprett bebygging.
  • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for slambetaling.
  • Juridisk bistand i samband med spørsmål om slambetaling og andre lovtolkingar innan slamhandtering. 
  • Del av administrative kostnader på tenesteeiningane.
  • Dekking av kostnader med oppføljing av vassforvaltningsplan, der eit tiltak er utslepp frå private avløpsanlegg, ettersyn og kontroll av anlegg.