Kommunalt tillegg i Lærdal kommune

For å dekkje Lærdal kommune sine eigne oppgåver innan renovasjon og slam vart det frå 01.01.2017 innført eit kommunalt tillegg på renovasjon- og slamgebyret. 

Det kommunale tillegget for renovasjon gjeld pr. eining og er sett til kr. 162,50 (130,- eks. mva.) for 2017.

Det kommunale tillegget for slam gjeld pr. eining tilknytt slamtank og er sett til kr. 118,75 (95,- eks. mva.) for 2017.

For renovasjon dekkjer tillegget:

  • Del av «sentrum og utfartsområde-renovasjon», innsamling av avfall/opprydding.
  • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for renovasjonsbetaling. Del av administrative kostnader på tenesta.
  • Juridisk bistand i samband med spørsmål om renovasjonsbetaling og andre lovtolkingar innan renovasjon.
  • Deltaking i FOU innan renovasjon.

For slam dekkjer tillegget:

  • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for slambetaling. Del av administrative kostnader på tenesta
  • Dekking av kostnader med oppføljing av vassforvaltningsplan, der eit tiltak er utslepp frå private avløpsanlegg, ettersyn og kontroll av anlegg.
  • Juridisk bistand i samband med spørsmål om slambetaling og andre lovtolkingar innan slamhandtering. 
  • Administrative oppgåver knytt til slam og slamtømming.