Julesekken - gåvepapir er restavfall

Alle kan setje ut ein ekstra sekk med gåvepapir i samband med julefeiringa. Denne vert henta ved fyrste restavfallshenting etter julaftan, og er utan ekstra kostnad for husstanden. Bruk den sekken som du elles nyttar til plast, og legg sekken oppå restavfallsdunken. Det meste av gåvepapiret inneheld fargestoff og leire, og må difor sorterast som restavfall.

Eit miljøvenleg tips er å pakke inn gåvene i grå-/brunpapir som du sjølv kan pynte og sette eit personleg preg på.

SIMAS har ordinære opningstider på miljøstasjonane i romjula. Sjå her for din næraste miljøstasjon:

Opningstider på kontoret i Festingdalen er kl. 10.00 - 14.00, 26. - 30. desember.