Informasjon frå Simas

Som følgje av konkursen i Reno Norden AS blir ikkje avfall henta i dag, torsdag 21. september følgjande plassar:
Luster: rute 509/609, som er Jostedalen og Gaupne
Balestrand: heile kommunen
Sogndal: rute 409. Frå avkøyring Fjærlandsvegen til Skjeldestad/Flatane, Lerheim, Ospesete, Haukareid, Notsete og Ormalseng. Frå Hollekve bru langs heile Dalavegen til kryss Kvåle. Fretland, Elvagjeng, Eggja, Stenehjem, Flugheim og Kvåle

SIMAS reknar med å ha ei foreløpig løysing klar innan måndag og kjem tilbake med informasjon om når avfallet kan bli henta. Denne situasjonen er krevjande. SIMAS ber difor om at kundane i størst mogleg grad unngår å ringja med spørsmål kring bostømming. Du kan halda deg oppdatert både på Facebook og her på nettsida.

SIMAS beklagar dei ulempene dette kan føra til for kundane våre.