Hugs å seie opp avtalegiro/eFaktura ved sal av eigedom

Efaktura (531x313).jpg

Faktura for renovasjon og slam er knytt opp mot ein eigedom som er registrert på eit avtalenummer i systemet til SIMAS. Avtalenummeret ein har hjå SIMAS er knytt til eigedomen, ikkje deg som person, so når du endrar bustad, endrar du og avtalenummer.

Avtale om automatisk trekk (avtalegiro) og eFaktura er ein avtale inngått med banken din. SIMAS kan ikkje endre denne. So har du selt eigedomen din må du hugse å seie opp avtalen i nettbanken/banken. Når du får ny faktura frå SIMAS på din nye heim kan du registrere denne på nytt med avtalegiro og/eller eFaktura.

PS. Om du registrerer deg med kombinasjonen avtalegiro/eFaktura er du med i trekninga om ein iPad.