Her lagar ungane kunst av boset

Ungane i Askedalen Barnehage får brev frå «ugla», med oppgåver ei ekte naturvakt må gjere. Nede til venstre, mot høgre og rundt: Mathias, Even, Sondre (med skilt), Eirik, Tiril, Martin, Natalie og Dennis.

Ungane i Askedalen Barnehage får brev frå «ugla», med oppgåver ei ekte naturvakt må gjere. Nede til venstre, mot høgre og rundt: Mathias, Even, Sondre (med skilt), Eirik, Tiril, Martin, Natalie og Dennis.

- Me må ikkje hiva alt dette i naturen. Sjå kva me har laga.

Det er Askedalen Barnehage i Leikanger som dei siste vekene har jobba med eit prosjekt dei kallar «Naturvaktprosjektet». Det starta i fjor under Friluftsåret i 2015 og fokuserer på kva ein finn i naturen som er bos, og kva som kjem naturleg frå naturen.

Alt boset dei har plukka, har dei gjort om til kunst og leikar. Dei har mellom anna vore ute i skogen og plukka avfall, både naturleg og ikkje naturleg, som dei har sortert på to ulike plansjar. Bær, stein, fjær og tre på ein – plastikk, tau, skruer og anna bos på ein.

- Ungane har vore utruleg flinke og veldig engasjerte. Foreldra fortell oss kor lang tid det tek heim frå barnehagen nå som barna vil stoppa og plukka opp alt boset dei ser, fortel Kari Grinde, barnehagelærar.

Foreldra fortell oss kor lang tid det tek heim frå barnehagen nå som barna vil stoppa og plukka opp alt boset dei ser.

Stiller ut under Fruktbare dagar

Naturleg avfall og boss, samla på to ulike plansjar.

Naturleg avfall og boss, samla på to ulike plansjar.

Det er dei mellomste barna som har vore ut og plukka bos, avdelinga «Revane». Dette er dei som er, eller fyller 4 år. Nå skal dei stilla ut kunsten under Fruktbare dagar i Leikanger til helga.

- Dei har lært at me ikkje får fruktbar jord med bos i naturen. Og så har me plukka plommer og pærer for å sjå kva som kjem av rein jord. Eg trur dei forstår dette godt, fortel Edith Valeberg Eggum, ein av eigarane av barnehagen.

Ungane er tydeleg stolte av verket sitt – og kan fortelje om kvar flaskene skal.

- Pantas i butikk, ikkje bli kasta i naturen!, seier dei i kor, før deg fortel om kva ord dei har lært seg: «allemannsretten». Dei fortel kva det betyr og korleis ein skal ferdast i naturen.

I tillegg har dei fått nye leiker i barnehagen av gammalt avfall. Mellom anna har to kabeltromlar blitt til ein politibil og ein brannbil.

- Sjølv om dette med resirkulering og sortering er litt vanskelig for dei, skjønnar dei at me kan gjenbruka ting og lage leiker av dei. Noko som er viktig, fortel Grinde.